Årdal FK – Vik

Årdal FK 1 - 2 Vik
16 mai 2017 - 19:00Jotun stadion

Det begynte så bra og enda så bånn!

– På ei skala fra 1 til 10 over kor bånn detta her er, så er det 10!  seier Ivan etter at Vik reiste heimatt med alle tre poenga i 16.mai-kampne.

– Det er alltid skuffande å tapa fotballkampar, uansett kven me tapar mot – og i alle fall på denne måten. Det er ikkje tvil om at me berre må jobba vidare – kva anna skal me gjera?  Eg håpar det løyser seg snart. Og eg ser at det går framover, meiner han.

– I dag gjorde me nokre endringar og me lykkast for så vidt med det, spesielt når me ser korleis ein spelar som  Nicolai Laberg blir involvert i mykje, kva slags kvalitetar han har. Nico er ein veldig fin type, ein spennande spelar – me må utnytta hans og dei andre sine kvalitetar på best mulig måte, slår han fast.

Det er sikkert ei mager trøyst nett no. Men me tok leiinga etter berre 12 minutt – og øydelagde dermed null-rekka til Vik-målmann Stig Roar Hovland. Det var det nettopp Nicolai Laberg som gjorde – det var forresten hans tredje mål denne sesongen.

Men så begynte det å klabba i pøseregnet som herja over Jotun stadion gjennom store delar av første omgang.

– Me går opp til 1-0, men så blir me for utolmodige. Eigentleg har me full kontroll på kampen, tykkjer eg. Vik har sin taktikk, den handlar om å slå langt og springa – all æra til dei for det, dei spelar effektiv fotball og står på. Dei er livsfarlege på dødballar og gjev alt, det respekterer eg verkeleg.

Men måla deira kjem etter to feil av oss – to skjebnesvangre feil. Dei har me sett litt for ofte no i det siste.

Det er sånt me må luka vekk. Me må rett og slett gå i oss sjølve og prøva og vera meir effektive framfor mål. Me har mange gode sjansar me ikkje greier å omsetta til skåringar, seier Ivan.

– Og den ramma som er sett rundt kampen, det at det er 16.mai og at det er Vik som er motstandar og alt sånt – det skal me greia å bruka meir til vår fordel. Det gjer me diverre ikkje i dag.

Det legg unekteleg ein liten dempar på 17.maistemninga, dette her, det er det ikkje fritt for.

Men me ropar høgt hurra for nye sjansar neste helg og satsar på å komma oss inn i flytsona med det første.

Juryen kåra Nicolai Laberg til dagens ÅFK-spelar og den tidlegare smoltringmannen Stig Roar Hovland til Vik sin beste.

Me takkar både Vik, dommar Johnny Skjerven og assistentane for kampen – og takk til alle som følgde oss på Jotun stadion denne gongen.

Årdal FK ønsker alle ein fantastisk flott nasjonaldag!

PS: Korleis oppgjeret arta seg frå speakerbui, der Frank Øyre hadde eit heilt kobbel av fotballekspertar til å komma med kvalifiserte oppfatningar, ser du her på Firda LIVE.

Kampfakta:

Årdal FK – Vik 1-2 (1-1)

Jotun stadion, tysdag 16.mai1-0   13 min   Nicolai Laberg (Terje Kvam Øvstetun ass)

1-1   30 min   Thomas Hjortland

1-2   67 min   Siver Fjærestad AaseTilskodarar: om lag 250

Gule kort: Fredrik Sørli og Ole Gunnar Bukve Kjødnes, ÅFK og Svein Erik Saglien, Thomas Hjortland, VikDommar: Johnny Skjerven, Kaupanger IL med Brede Nymark, Sogndal og Kjell August Ytre-Eide, Stryn

Årdal FK. Sivert Larsson, Nicolai Laberg, Ørjan Cafu Skilbrei (Kjetil Karlsen fra 57 min), Brede Stedje Ylvisåker, Fredrik Sørli, Joachim Furset, Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Andreas Navik, Christian Stedje, Vegard Aafedt Bukve (Anders Lereng fra 79 min) Terje Kvam Øvstetun (Johnny Aspeseter Hagen frå 70 min),