Balestrand – Årdal 2/Jotun/ÅTIL

Balestrand 2 - 1 Årdal 2/Jotun/ÅTIL
06 jun 2016 - 19:00Kreklingen stadion



Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen gjekk på sesongens første tap i Balestrand. 



5.divisjonslaget hadde framleis til gode å sleppa inn mål etter tre kampar, men mot Balestrand måtte me gje tapt då heimelaget tok leiinga midt i første omgang.

Berre fem minutt seinare var same mann, Torgeir Hugdal på farten att og la på til 2-0.

Truls Sylvarnes reduserte for oss fem minutt etter det att,  etter eit flott gjennomspel av Ruben Aspeseter, slik at stillinga ved pause var 2-1.

I andre omgang vart det ikkje dei heilt store sjansane til nokon av laga, og lagleiar Geir Kjetil seier me tapte for eit betre lag.

 – Me vann ikkje duellar, me slurva ein del med pasningsspel og mottak – då vinn ein som regel ikkje forballkampar, slår han fast.

– Men det var ei veldig fin ramme rundt kampen med oppglødd heimepublikum og flott ver, legg han til.

Eit skår i gleda var at den oppsette dommaren ikkje møtte fram, noko som fekk ein lokal fotballekspert ved namn Henning Sagevik, til å ta på seg oppgåva.

– All æra til han, som gjorde det beste han kunne, seier Geir Kjetil.

Me lig no på sjetteplass på tabellen med våre sju poeng på fire kampar, men samtlege lag framfor oss har ein eller i fleire tilfelle to kampar meir.

Me takkar Balestrand for kampen – alltid triveleg på Kreklingen stadion, ikkje minst med det nye flotte kunstgraset!

Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen nytta desse spelarane: Preben Gilleshammer, Truls Sylvarnes, Tobias Stølsvik Klepp, Eirik Lereng, Sander Bjørkum Øvstetun, Anders Lereng, Andreas Bjørkum Øvstetun, Gøran Moheim, Benjamin Turkovic Alme, Endre Vigdal Øren, Halvor Neset, Ruben Aspeseter, Marius Loftheim, Alexander Asperheim Barsnes

Vel møtt til ny kamp på Cupa mot Askvoll/Holmedal søndag klokka 15.00!