Bjørn – Årdal 2/Jotun/ÅTIL

Bjørn 3 - 1 Årdal 2/Jotun/ÅTIL
20 jun 2016 - 19:00Gaupne stadion

Innhaldsrik veke for Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen, som feira sommaren med eit skikkeleg målkalas. 

Kampen mot Bjørn i Gaupne mandag, enda med 3-1-tap. Trass i at det var jevnt, slår lagleiar Geir Kjetil fast at det nok må seiast å ha vore ein fortjent seier til heimelaget.

– Mot Bjørn var me rett og slett ikkje heilt «på», for å sei det sånn – ikkje før me begynte å nærma oss slutten.

Det vart litt stang-ut for oss i denne kampen, det er berre sånn det er enkelte dagar.

Bjørn gjekk tidleg opp i leiinga, og sjølv om me utlikna etter eit lite kvarter, var me ikkje effektive nok på dei få sjansane me skapte. Geir Kjetil meiner det var ein fortjent seier til heimelaget, men tek med seg eit lyspunkt, nemleg at målmann Tobias Herstad debuterte på seniornivå.

Geir Kjetil Øvstetun

– Veldig hyggjeleg å sjå – han har hatt enorm framgang på kort tid og har vakse veldig med oppgåva. Det er utruleg viktig for oss å få fram nye målvakter, så dette er sjølvsagt gledeleg, seier Geir Kjetil.

Storebror Martin Herstad har vakta buret for oss gjennom fleire kampar og Geir Kjetil konstaterer at dei begge truleg er arveleg belasta med gode nevar og keepergener ettersom pappa Jens også har stått litt i mål tidlegare…!

Bjørn – Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen 3-1 (2-1)

Gaupne stadion, mandag 20.6

1-0   03 min    Jonas Elle

1-1   12 min    Sander Bjørkum Øvstetun

2-1   25 min    Even Vigdal

3-1   64 min    Jonas Elle

Gule kort: Andreas Bjørkum Øvstetun, Årdal FK2/Jotun/Årdalstangen og Tore Madsen, Bjørn.

Dommar:  Karl Andre Klakegg, Kaupanger

Årdal FK nytta desse spelarane: Tobias Herstad, Ruben Aspeseter, Halvor Neset, Truls Sylvarnes, Sander Bjørkum Øvstetun, Simen Mannsverk, Eirik Lereng, Marius Loftheim, Andreas Bjørkum Øvstetun, Anders Lereng, Emil Lerum Bruheim, Benjamin Turcovic Alme og Kenth Lægreid

Julian Kvam

Heime på Cuba gjekk det noko betre mot Hyllestad/Dale 2, ein kamp som vart utsett i mai og som enda med å setta eit fint punktum for vårsesongen. 

– Kampen mot Hyllestad/Dale 2 bar nok litt preg av at me møtte eit veldig ungt og urutinert lag, mens me har med oss spelarar frå førstelagstroppen.

I dei kampane me har hatt det, har me heva oss rundt dei tjue prosentane som gjer at me blir så gode at me er i stand til å slå kven som helst i denne divisjonen, seier Geir Kjetil.

Eirkk lereng

– Samstundes nyttar me først og fremst gutespelarane, fire-fem i kvar kamp, noko som er veldig viktig og vil bera frukter i framtida, heilt klart.

Men ofte om me har spelarar frå førstelagstroppen, litt avhengig av kva slags spelarar det er, greier me å opna forsvar på ein annan måte, til dømes som i denne kampen, der me hadde med oss Eirik og Endre.

Me leia 5-0 til pause og enda til slutt på 9. Det pyntar sjøvlsagt ein heil del på statistikken vår,

som syner at me i skrivande stund ligg  på andreplassen med 13 poeng, framfor Syril – som også har 13 poeng, men ein kamp mindre spelt.

Me har skåra til saman 14 mål – 11 av dei heime på Cuba. Me har slept inn fem mål, alle på bortebane.

Tre av dei slepte me inn mandag denne veka, då me tapte 3-1 for Bjørn i Gaupne.

Til gjengjeld har me berre skåra tre mål på bortebane òg – og før gårsdagens kamp mot Hyllestad/Dale 2 hadde me berre skåra to små mål heime på Cuba.

Ruben Aspeseter

– Me er gode defensivt og me har utfordringar framover. Skal me vera betre enn dei andre laga, må me vera fysisk bedre, både når det gjeld løp og duellspel, er konklusjonen.

Og sjølv om me seier at me tek ferie, gjer me eigentleg ikkje det – det er berre fra kampar.

Treningar blir det nemleg heile sommaren igjennom.

Truls Sylvarnes

– Me skal spela sju kampar i haust, og me må rekna med at me mistar litt spelarar etter kvart.

Det blir tøft, men me skal klara det. Det viktige er at me ser spelemessig utvikling, det er det me jobbar for og me har tru på at det skal gå.

Det er mange lyspunkt å ta med seg framover og me har mange fine typar i troppen vår med ulike kvalitetar som vil bli viktige framover, seier GK.

Marius Loftheim

Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen – Hyllestad/Dale 2  9-0 (5-0)

 

 

Cuba stadion, onsdag 22.juni

Tilskodarar: 93 (!)

Dommar: Ragnar Åmot, Jølster

 

1-0   11 min   Ruben Aspeseter

2-1   16 min   Sander Bjørkum Øvstetun

3-0   28 min   Marius Loftheim

4-0   32 min   Endre Kauppi Straumsheim

5-0   44 min   Sander Bjørkum Øvstetun

6-0   56 min   Anders Lereng

7-0   78 min   Anders Lereng (str)

8-0   88 min   Anders Lereng

9-0   89 min   Kenth Lægreid

Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen nytta desse spelarane: Tobias Herstad, Tobias Stølsvik Klepp, Truls Sylvarnes, Halvor Neset, Ruben Aspeseter, Eirik Lereng, Endre Kauppi Straumsheim, Sander Bjørkum Øvstetun, Benjamin Turcovic Alme, Simen Mannsverk, Anders Lereng, Mrius Loftheim, Eirik Rode, Sondre Offerdal, Endre Vigdal Øren, Alexander Asperheim Barsnes

Anders Lereng

Takk til både Bjørn og Hyllestad/Dale 2 for ei innhaldsrik veke – takk til dommarane og ikkje minst, tusen takk til alle dei som prioriterte oss framfor Island den lyse onsdagskvelden og var med oss på Cuba i staden!

 

Takk også til alle som har følgt oss gjennom vårsesongen – Årdal FK2/Jotun/Årdalstangen med Geir Kjetil og Jan Are i spissen ønskjer alle ein strålande flott sommar og vel møtt att til nye oppgjer i august.

Foto: Elin Hæreid