Bremanger – Årdal FK

Bremanger 1 - 8 Årdal FK
07 okt 2017 - 14:00Bremanger stadion

Grei skuring i sesongens siste bortekamp

– Me var veldig spente på korleis dette skulle gå, for me veit av erfaring at når me møter lag som har tapt mykje for Sogndal 2 i forrige kamp, er det oss det går utover, seier Ivan.

Han og resten av troppen var sjøvlsagt også veldig klar over at Bremanger var veldig i beit for poeng for å halda seg unna nedrykk, så det låg til rette for ei heftig batalje der oppe i havgapet denne laurdagen.

Foto: Elin Hæreid

Men det enda med 8-1 seier til oss.

– Det gjekk jo veldig fint, detta her. Me kom på bana og var enige om å senka skuldrane og dra til med det me er gode på, det virka som om det hjelpte, sjølv om me streva litt med eit noko uvand underlag der oppe. Det var nett som å trø ut i hagen heime, der det stort sett ikkje er gras, berre mose. Det var heilt klart ei utfordring for spelarane, som også gav uttrykk for nettopp dette – heilt til Jan Kåre kom med den vesentlege opplysninga om at kretsen hadde bestemt at også Bremanger skulle spela på denne bana i denne kampen, fortel Ivan.

Det byrja for øvrig veldig bra med vakkert haustver over den idylliske kysten, men utarta seg til å bli 90 minutt med Vivaldi.

– Det var «four seasons» gjennom heile kampen, rett og slett – mykje løge ver. Men altså, Bremanger er ein flott plass med veldig flotte folk som gav oss ei flott mottaking – så me er godt nøgde. Me spelte faktisk ein veldig god kamp og, der me løyste ting på ein god måte og skåra mange flotte mål, spelarane la ned ein kjempeinnsats, så det var rett og slett moro, er konklusjonen.

– Det vart litt einvegskøyring, etter kvart, ja. Men  me må jo vera lure og spela på det me veit me er gode på, så som kontringar. Og Bremanger har ein spelestil som passar oss ganske bra i forhold til det me er gode på. Det blir noko heilt anna når me møter lag som gjer det motsette av det me ønsker – det passar oss veldig dårleg, seier Ivan.

No har me ein einaste kamp att denne sesongen, nemleg mot Stryn heime på Jotun stadion kommande laurdag. Det KUNNE ha blitt ein seriefinale om alt hadde lege til rette og om Sogndal 2 ikkje hadde tenkt seg å rykka opp. Det gjorde dei allereie denne helga, då dei slo Stryn heime i opprykkskampen. Det meiner Ivan kan slå ut begge vegar for vår del.

– Det er klart, lufta gjekk nok litt ut av Stryn etter den nedturen der. Men me veit også at kampane mot Stryn alltid er intense og tøffe, og det skulle ikkje undra nokon om dei verkeleg hadde tenkt å reisa seg skikkeleg og i alle fall avslutta med stil. Så me tek ingen sjansar og stiller så sterkt som me berre greier neste laurdag.

– Me er inne i ein god stim no, sånn som me har vore dei siste tre-fire sesongane, der me har vore eit typisk haustlag.

Me gler oss skikkeleg til den kampen, sjølv om den tabellmessig sett eigentleg ikkje har den heilt store betydninga. Her handlar det om å slå Stryn – det er det alltid mykje prestisje i for vår del.

Årdal FK takkar Bremanger for denne sesongen og ønsker lukke til vidare – og helsar Stryn hjarteleg velkomne til Jotun stadion for året siste kamp!

Du som les dette er for øvrig veldig hjertelig velkommen, du og!

Meir om korleis kampen arta seg, står å lesa her på Firdalive.

Kampfakta:

Bremanger – Årdal FK 1-8 (0-2)

Bremanger stadion, naturgress, laurdag 7.oktober 2017

Tilskodarar: Minst fire fra Årdal i alle fall!

0-1   11 min   Truls Hovland

0-2   41 min   Johnny Aspeseter Hagen

0-3   62 min   Johnny Aspeseter Hagen

0-4   71 min   Truls Hovland

0-5   75 min   Johnny Aspeseter Hagen

0-6   76 min   Nicolai Laberg (Truls Hovland ass)

1-6   79 min   Anders Frøyen

1-7   89 min   Fredrik Sørli

1-8   92 min   Fredrik Sørli

Dommar: Markus Nybø Bakke med Abdinazir Mahamed Abdi og Steve Sibondagara, alle Eid IL.

Gule kort: Terje Kvam Øvstetun, Fredrik Aspeseter Sørli,  Årdal FK

Årdal FK: Sivert Larsson, Ørjan Cafu Skilbrei, Brede Stedje Ylvisåker, Fredrik Aspeseter Sørli, Andreas Natvik (Nicolai Laberg frå 60 min) Nicolai Laberg (Kjetil Karlsen frå 46 min), Johnny Aspeseter Hagen, Vegard Aafedt Bukve, Truls Hovland, Christian Stedje, Terje Kvam Øvstetun