Dale – Årdal FK

Dale 3 - 3 Årdal FK
10 mai 2018 - 16:00Dingemoen kunstgras

Me hadde (nesten) tre poeng i lomma mot Dale.

Men sidan heimelaget var særs gira på å få med seg poeng fra oppgjeret, kombinert med at me var noko uheldige mot slutten, enda det med poengdeling og 3-3 etter eit utlikning i 90.minutt.

– Me begynte veldig bra med gode sjansar og fekk då også ei fin skåring av Johnny tidleg i kampen, men etter det datt me litt saman og lot Dale få ta litt over, fortel trenar Ivan.

– Etter kvart fekk Dale sett inn to mål, der me er for passive, tapar for mange duellar og er rett og slett ikkje heilt på nett. Så skåra Terje eit kanonflott frisparkmål – og då var me like langt til pause. 

I pausen var Ivan og gutta enige om å gå ut og ta tak i ting, difor starta andre omgang litt som den første, med gode sjansar som me ikkje greidde å omsettta til mål.

– Johnny hadde ein heading like utanfor og Anders fekk ein kjempepasning som han sette over mål, det var synd for Anders, da – men han kom tilbake og sette inn vårt tredje, viktige mål, seier Ivan.

Han legg ikkje skjul på at han og dei andre muligens kan ha følt seg litt snytt for eit straffespark undervegs. Det gjorde han også dommar Almenningen merksam på, utan at det vart teke til følgje.

Derimot vart det fleire gule kort på oss utover i omgangen – i tillegg til Dale sitt tredje mål, som i følgje trenaren var av den litt «unødvendige» sorten.

– I den 90. minutt skulle me nok ha opptredd litt klokare, men det er litt småpanikk med tanke på at me ledar 3-2 og det er kort tid att. Så fekk me ein situasjon der dei greidde å dobla på høgresida vår og fekk skote, det var eit skot som trefte ein av våre spelarar, ballen endra retning og gjekk i mål. Det var uheldig, sjøvlsagt. 

Men sett i ettertid var det vel kanskje greitt med poengdeling. Dale var veldig gira på å få med seg eitt poeng og kanskje til og med tre, då dei såg sitt snitt – men det er vel sett under eitt ingen av oss som kan seia at me var bedre enn den andre i dag. Bortsett fra at me hadde dei største sjansane.

Vegard fekk seg ein smell mot slutten av kampen – men skal i følgje lagleiinga vera i god form. Forhåpentlevis vil han vera kless klar til 16.mai-kamp heime på Jotun stadion om nokre dagar.

Fjøra er motstandar, folkens, vel møtt!!

Kampen slik han vart sett frå speakerbua til Dale, ser ser slik ut på FirdaLiven.