Dale – Årdal FK

Dale 0 - 1 Årdal FK
04 aug 2017 - 19:00Dingemoen kunstgras

Ingen tvil om at det gjorde godt å få revansj over Dale!

I aller første seriekamp i år, tapte me 2-5 heime på krøllgraset for nettopp Dale, eit nederlag som framleis sit i. Difor var det utvilsomt med planar om å ta revansj at me reiste oppover denne fredagen – og for å ta fat på haustsesongen.

Det var utan spelarar som Christian Stedje, Vegard Aafedt Bukve, Ole Gunnar Bukve Kjødnes og Eirik Rode – men til gjengjeld med Fredrik Sørli, som har vore ute med skade og dessutan Truls Hovland, som spelte sin første kamp etter returen frå Florø.

Laga gjekk mållause av bana til pause, men i det 57. minutt viste Nicolai Laberg fram tekniske finessar då han finta vekk to Dale-spelarar og scora sikkert åleine med Dale-målvakta. Det kom ikkje fleire scoringar på Dingemoen denne fredagskvelden, så dermed kunne Ivan Øy sine menn jubla for tre deilige poeng.

– Det er moro å vinna 1-0, seier Øy, og legg til at mannskapet hans skapte ein heil del sjansar som dei ikkje klarte å utnytta betre.

– Det vart mykje nesten. Men det skal seiast at Dale også hadde sine sjansar, men eg føler det er greitt at me vinn kampen då me er litt kvassare enn Dale – som slettest ikkje er noko dårleg lag. Det er mange som kjem til å få slita når dei skal til Dingemoen.

– Me er difor veldig godt nøgde med tre poeng og for at me opna haustsesongen med seier. Det gjer det litt lettare for oss no framover, seier Ivan, og rosar spelarane sine etter kampen.

– Det var veldig god innsats av gutane. Me hadde mange spelarar vekke på grunn av karantene og jobb, men gutane som er med til Dale gjer ein kjempejobb.

Meir om korleis oppgjeret arta seg her!! 

Kampfakta:
Dale – Årdal FK 0-1 (0-0)

Kretsligaen, 12. serierunde, Dingemoen stadion, fredag 4.august.

Mål:  0-1, Nicolai Laberg, 57 min.

Gule kort: Johnny Aspeseter Hagen, Årdal FK og Kristian Ask, Dale

Dommar: Anderas Sandal, Haugen med Kamil Kazimierz Chemba Hansen, Åfjord og Steve Sibondagara, Eid.

Årdal FK (4-4-2): Sivert Larsson, Fredrik Aspeseter Sørli, Andreas Natvik, Brede Stedje Ylvisåker, Sivert Mannskverk (Kjetil Karlsen frå 72 min) – Nicolai Laberg, Truls Hovland, Ørjan Cafu Skilbrei, Joachim Furset (Anders Lereng frå 67,min) – Terje Kvam Øvstetun, Johnny Aspeseter Hagen