Eid – Årdal FK

Eid 2 - 1 Årdal FK
22 sep 2018 - 16:00Eid stadion

Det gjekk ikkje heilt på skinner på Nordfjordeid denne laurdagen.

Trøblete allereie får starten av, då me måtte byta ut Terje Kvam Øvstetun på grunn av ein skade, berre det gjorde sitt til at me aldri heilt fann rytmen i denne første omgangen.

– Det er som det pleier å vera, me slepp dei for lett til. Og så var me litt uheldige ved eit par tilfelle, sånn som då dei fekk eit frispark rett utanfor 16-meteren og sette den rett i mål, seier Ivan etter at tapet for Eid er eit faktum. 

Eid tok leiinga etter ein snau halvtime og la på til 2-0 til rett før pause.

– Me skapte ikkje så mykje i første omgang, eit par dødballar og litt forskjellig, men i hovudsak er det Eid som har trøkket, me vart springande litt etter, men så bestemte me oss i pausen for å endra litt på det, stå litt tøffare oppi dei -o g det førte til at me tok over initiativet i andre omgang, faktisk. 

Det førte også til at Nicolai Laberg fekk redusera for oss til 2-1 i det 58.minutt.

– Det var eit flott mål etter godt spel og mykje folk involvert – veldig bra. I grunnen er me veldig nøgde med andre omgangen, det var mange som stod fram der, seier Ivan, han peikar på Marius Loftheim som med eitt måtte spela stoppar, og som løyste det glimrande.

Siste tjue minuttane hadde me eit veldig trykk og jaga utlikning, flytta opp fleire folk og kom til gode sjansar, men Eid ridde stormen av, rett og slett, seier Ivan.

Han legg til at det oppstod ein situasjon der både han og særs mange andre av ÅFK sine folk var usamd med dommaren, som gav Fredrik Sørli sitt andre gule for dagen då han gav uttrykk for misnøye med sin eigen prestasjon etter å ha gjort ein dårleg avslutning. 

– Me var litt skadeskutt i dag med folk som er halvskadde som likevel må vera med, og mangla både Christian Stedje og Ørjan Skilbrei, så det var ikkje nok til å ta desse poenga, diverre. 

Neste helg er det Skavøypollen som kjem på besøk på Jotun stadion. 

Les meir om korleis kampen arta seg her på Firdal LIVE.