Eid – Årdal FK

Eid 2 - 2 Årdal FK
28 apr 2017 - 18:30Eid stadion

Me kriga heim sesongens første poeng – så vidt det var…

Det starta like fælt som sist helg mot Dale. Etter 20 minutt leda Eid 2-0 og me sleit, bokstaveleg talt.
– Det var mildt sagt ein begredeleg, forferdeleg første omgang. Det er ikkje så mykje meir å seia, anna enn at det var fortjent at dei leda til pause, seier Ivan.

Etter pause var det total skjerpings og etter 63 minutt skåra Andreas Natvik sitt andre mål for sesongen då han var først på ein retur etter eit frispark.
Med det augna me også sjansen til poeng og pressa høgt mot slutten. To minutt på overtid kriga Johnny Aspeseter Hagen inn ein kårner.

– Det var deilig å sjå at den ballen gjekk inn, seier Johnny Aspseter Hagen til Sogn Avis, etter at han redda sesongens første poeng på overtid mot Eid.

Johnny seier han tykkjer det er fortjent at det vart uavgjort etter det han omtalar som ein horribel førsteomgang.
– Det er fortjent at me ligg under med to mål. Men etter at me reduserte, var det berre eitt lag på bana, meiner han.

– Det gjer eit løft og ein godfølelse at me greier å komma tilbake slik etter å ha lege under 2-0 på bortebane mot eit godt spelande og ballsikkert heimelag. Folk var flaue over det me viste fram sist og me trengte å få bevist for oss sjølve at me kan betre, seier Ivan.

Meir om korleis kampen arta seg, ser du her, på FirdaLIVE.

Kampfakta:

Eid – Årdal FK 2-2 (2-0)
Eid Idrettspark, fredag 28.april
1-0   09 min   Vebjørn Høynes
2-0   18 min   Vebjørn Høynes
2-1   63 min   Andreas Natvik
2-2   90 min   Johnny Aspeseter Hagen
Gule kort: Terje Kvam Øvstetun, Årdal FK og Artur Malikyan og Daniel Haus, Eid.
Dommar: Jonny Skjerven, Kaupanger IL med Olav Næss og Oliver Kirkeeide Næss, begge Stryn T&IL
ÅrdaL FK: Sivert Larsson, Ørjan Cafu Skilbrei, Kjetil Karlsen, Brede Stedje Ylvisåker, Nicolai Laberg, Vegard Aafedt Bukve, Johnny Aspeseter Hagen, Andreas Natvik, Joachim Furset, Christian Stedje, Anders Lereng