Flisa – Årdal FK

Flisa 1 - 0 Årdal FK
16 apr 2016 - 16:00Flisa stadion

Heimelaget snudde bokstaveleg talt på Flisa.

ivan Øy og Jan Kåre Stedje

Kampfakta: Flisa Fotball – Årdal FK 1-0 (0-0)

Flisa stadion, laurdag 16.april

1-0   93 min Andreas Håbakk

Årdal FK: Sivert Larsson, Vegard Aafedt Bukve, Brede Stedje Ylvisåker, Ørjan Cafu Skilbrei, Fredrik Aspeseter Sørli (Marius Loftheim frå 80.min) Endre Kauppi Straumsheim, Brett Fellows (Ole Gunnar Bukve Kjødnes fra 80.min), Eirik Rode, Christian Stedje, Truls Hovland, Terje Kvam Øvstetun. 

– På ein skala frå 1 til 10 over kor utruleg surt dette tapet er, landar eg nok på 11, seier trenar Ivan Øy etter at det eine poenget me låg an til å hala i land glapp to og eit halvt minutt på overtid.

Det kjende uttrykket å snu på flisa betyr ganske enkelt at ein ønskjer å gjera ting på ein annan måte – og det var vel eigentleg det dei gjorde, Flisa, då dei to minutt på overtid vann ein duell på midtbana og sende ein spelar åleine mot vårt mål.

Med denne skåringa henta dei heim sesongens andre seier, medan me gjekk på sesongens desidert suraste tap så langt.

Det låg an til å ebba ut i mållaust uavgjort, noko som i og for seg hadde vore heilt greitt, kampen sett under eitt.

Det var nokså jamnt heile vegen, me hadde ikkje dei heilt store sjansane,men det hadde i grunnen ikkje Flisa heller.

– Dette er eitt av dei laga som er tippa å liggja i toppen, og me gjer faktisk ein veldig god kamp, og hadde vore veldig nøgde med eitt poeng.

Hadde me vore litt meir effektive framfor mål, kunne det ha blitt ein hurra-tur heimover, seier Ivan, som i staden melder om dempa stemning i bussen på veg gjennom Valdres.

Jan Kåre og Ivan

– På dette tidspunktet car kampen i ferd med å ebba ut, og målmann Sivert skulle sparka ut ballen, det er vel eigentleg litt tilfeldig kvar den havnar – det er ein duell på midtbana, som Brede vinn, men ballen går rett i skallen på ein motsandar, noko som sender den rett i føtene igjen på spelaren som seksundet vør var i duell med nettopp Brede.

Og så står det plutsleeg ein der som spring rett gjennom – det er omtrent som å spela kronespel, du veit aldri heilt kvar krona landar, sukkar trenaren.

Som sjøvlsagt, i etterpåklokskapens lys, skulle ønskt han hadde demma meir opp bakover på dette tidspunktet.

Likevel er han i stand til å sjå opptil fleire lyspunkt, utover det at me faktisk gjorde ein god kamp mot eit av dei beste laga i avdelinga.

Ørjan Skilbrei

– Med tanke på dei endringane me gjorde i dag, så var dette eit steg i rett retning. Sivert Larsson er attende i mål – noko som er veldig kjekt.

Ørjan Cafu Skilbrei (tidlegare Flisa-spelar!), kom inn som midtstoppar, medan me flytta Eirik Rode opp som indreløpar med stor suksess.

Fredrik Sørli spelte venstre back og me hadde Terje Kvam Øvstetun på topp – det er ganske mange store endringar i forhold til det me vanlegvis gjer, og dei er me nøgde med, slår Ivan fast.

Sivert Larsson og Ivan

Han gler seg aller mest over at Sivert Larsson er attende på bana.

Dagens kamp var den første Sivert spelte sidan kampen mot Florø 2 heime på Jotun stadion i 17.juni i fjor.

Der gjekk Sivert inn i ein duell som gjorde at han fekk seg ein lei smell og pådrog seg hjernerystelse.

Seinare kom han attende i trening, men fekk problem med eit kne.

Tidlegare i vinter skadde han seg i ein finger og vart igjen sett ut av spel ein periode.

No er han altså tilbake på bana – men må finna seg i å ta forholdsreglar. Sivert må nemleg spela med hjelm – ikkje ulik den Arsenal-keeper Petr Cech har enda med å få som varemerke.

Merkeleg nok er ikkje slikt utstyr ikkje veldig tilgjengeleg i norske sportsbutikkar, så Årdal FK måtte til sist bestilla hjelm frå ein leverandør i England.

– Det var ikkje første gong han fekk seg ein smell – og me kan ikkje ta nokon sjansar når det gjeld hovudskader, rett og slett, seier Ivan.

– Det var no ikkje slik at han hadde så veldig mykje å sysla med i akkurat denne kampen her, og vart heller ikkje sett på dei heilt store prøvane.

Alle dødballar tok han seg svært godt av, og me er veldig glade for at Sivert er på bana att, er konklusjonen.

 

Sjølv er Sivert glad for å vera tilbake.

– Det er så klart godt å vera på bana igjen, men i dag var det veldig nervepirrande og spenningsnivået var på topp, seier han.

– Eg har ikkje hatt kamptrening på ti månader, noko som gjorde dette ekstra spennande.

Målmann Sivert fortel at alt er i skjønnaste orden med finger, skalle, kne og skulder – og at han verkeleg ser fram til å komma skikkeleg i gang med den nye spennande sesongen.

– Men hjelmen på slep, så klart!

Velkommen tilbake, Sivert!

Takk til dommartrioen og ikkje minst, våre nye fotballvenner frå Flisa for kampen!

Nye sjansar neste helg når Kongsvinger 2 kjem på besøk på Jotun stadion.