Førde II – Årdal FK

Førde II 2 - 5 Årdal FK
29 mai 2017 - 19:00Hafstadparken 1
 Det er lenge sidan ein seier smakte så godt som den over Førde 2 denne mandagskvelden.

– Det smakar så godt at det er nesten ikkje til å forklara med ord. Hadde me gått på ein smell att i dag, hadde det vore ei seig gjørma å komma seg ut av. Det blir som natt og dag, det, seier Ivan.


Natt og dag er også ei god skildring av første og andre omgang.
– Me har to omgangar der me har like mange sjansar i kvar – forskjellen er berre at i andre omgang skårar med på dei. Det gjorde me ikkje i første. Det er eit velkjend problem, me har sett  det fleire gonger dei siste kampane. Og så fekk Førde 2 ein dødball dei skåra på, også det er eit scenario me kjenner oss godt att i, seier Ivan.

– I pausen vart me enige om at me kan ikkje forsetta sånn, med å sløra så mykje med sjansane. At me må gjera ting annaleis. Me begynte bra i andre omgang og, men gjorde ein feil som Førde 2 utnytta til å skåra 2-0-målet.

I staden for å gå i oppløysing og lata frustrasjonen ta over, vart det kollektiv innsats over heile linja. Mykje av det skuldast at Terje reduserte kort tid etter.


– Då fekk me att trua på at det kunne gå. Og då Christian limte ballen i hjørna fra 30 meter, då trudde me i alle fall på det, fortel Ivan.


Då Joachim, rett etter å ha blitt bytta inn, sende oss opp i leiinga, vart det endå meir fart på sakene.
– Då trøkte me på og pressa dei til å gjera fleire og fleire feil som me utnytta til vår fordel. Så Marius og Vegard sine mål var berre med på å understreka det. Dette gjorde verkeleg berre så godt, både for dei på bana og oss på sidelinja. Det er tydleleg at denne pausen me har hatt sidan 16.mai har gjort oss godt og me  har brukt tida godt òg, seier Ivan.


Han uttala til Sogn Avis at han vurderte å setta inn mor si, fru Øy, då me bomma som verst.
– Hadde ho vore med, hadde eg sikkert gjort det, seier han, og legg til at han truleg også hadde sett inn fru Øy d.y.
– Slik som me sløsa med sjansane ei stund, hadde nok både mor mi og Beate putta. Jan Kåre var klar og hadde begynt oppvarminga, men slit med ein akilless, så heldigvis både for han og oss andre greidde me å snu dette etter ein alvorsprat i pausen.

Dette fortjente spelarane verkeleg, er konklusjonen.


Neste mandag, altså andre pinsedag, skal me møta Sogndal 2 heime på Jotun stadion.

Les meir om korleis det gjekk føre seg her på FirdaLIVE! 

Kampfakta:

Førde 2 – Årdal FK 2-5 (1-0)
Hafstadparken, mandag 29.mai
Tilskodarar: 76
Dommar: Tommy Skjerven, Kaupanger, med Ragnar «Raggen»Åmot, Jølster og Mithushankar Panchalingam, Florø SK
Gule kort: Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Christian Stedje, ÅFK og Olve Markus Eide og Chris Adrian Steinsvik, Førde 2
1-0   24 min   Chris Adrian Steinsvik
2-0   51 min   Sander Aamelfot
2-1   55 min   Terje Kvam Øvstetun
2-2   63 min   Christian Stedje
2-3   64 min   Joachim Furseth
2-4   89 min   Marius Loftheim
2-5   94 min   Vegard Aafedt Bukve

Årdal FK: Sivert Larsson, Nicolai Laberg ( Marius Loftheim frå 85 min), Ørjan Skilbrei, Brede Stedje Ylvisåker, Kjetil Karlsen (Johnny Aspeseter Hagen fra 82 min), Andreas Natvik, Vegard Aafedt Bukve, Ole Gunnar Kjødnes, Johnny Aspeseter Hagen (Joachim Furseth fra 56 min) Terje Kvam Øvstetun (Anders Lereng fra 74 min), Christian Stedje (Sander Bjørkum Øvstetun frå 90 min)