Gran IL – Årdal FK

Gran IL 2 - 1 Årdal FK
30 apr 2016 - 16:00Sparebank1banen

Det bar luktst åt skogen då me reiste på tur til Gran stadion. 

Marcin Brzycky

Kampfakta: Gran – Årdal FK 2-1 (1-0)

Gran stadion laurdag 30.april

1-0   28 min Gran 

2-0   72 min Gran

2-1  88 min  Truls Hovland (Johnny Aspeseter Hagen ass)

Gule kort: Marcin Brzycky og Fredrik Aspeseter Sørli

Dommar: Kim Andre Østhagen, Stange IL. 

Årdal FK: Sivert Larsson, Ørjan Skilbrei, Vegard Aafedt Bukve, Fredrik A. Sørli, Brede Stedje Ylvisåker, Marcin Brzycky (Robin Moheim fra 46 min), Truls Hovland, Christian Stedje, Endre Kauppi Staumsheim (Marius Loftheim fra 80. min) Brett Fellows, Terje Kvam Øvstetun (Johnny Aspeseter Hagen fra 72 min) 

Det var verkeleg ingen stor fotballkamp frå nokon av laga. Det var jamnt og det var lite sjansar, spesielt i første omgang, noko som kanksje kunne ha noko med det faktum at det var tettsnødrev og svært blautt på bana å gjera. 

– Det er for all del ingen unnskyldning, men ei forklaring på kvifor det ikkje var all verden til fotballkamp – det var rett og slett ganske vanskelege forhold. Det gjaldt sjølvsagt også for begge lag, seier trenar Ivan.

– Ei elles glimrande kunstgrasbane har dei på Gran stadion, men det var blautt denne gongen, sjøvl om det slutta å snø utover i andre omgang. 

Blaut bane eller ikkje, det var ikkje nokon stor oppvisning frå vår side med tanke på kva me veit me kan.

Det vart for det meste nesten-sjansar i første omgang. I andre spelte me ein god del bedre og skapte veldig mykje press for å prøva å ta att den eittmålsleiinga Gran fekk på eit straffespark etter omtrent ein halvtime. 

Ivan Øy

– Me skapte kanskje ikkje dei heilt store sjansane likavel, men me pressa høgt og hadde sjansen til å utlikna fleire gonger. Like før Gran gjekk opp til 2-0, hadde me ein heilt ENORMT sjanse, der me var gjennom åleine med keeper, som akkurat fekk ein finger på ballen, seier Ivan. 

Det ebba ut i 2-1-seier til Gran, vårt tredje tap denne sesongen. 

– Det som eigentleg er mest irriterande er at me har tapt tre kampar fordi me spelar under pari. Også i dag spelte me langt under, både defensivt og offensivt, er konklusjonen. 

Me takkar Gran for god mottaking – og legg til at besøktet på Gran stadion baud på eit gjensyn med ein gammal kjenning – linjedommar Geir Erling Heien, som no står i Redalen.

Heien har tidlegare dømt mykje i Sogn og Fjordane Fotballskrets, og har også dømt oss opptil fleire gonger, så det tek me med oss som eit aldri så lite lyspunkt i snøføyka denne gongen! 

Nye sjansar kommande laurdag – då er det Sander som kjem på besøk til Jotun stadion!