Hallingdal – Årdal FK

Hallingdal 3 - 4 Årdal FK
02 jul 2016 - 16:00Gol kunstgras

– Så dårlege som me aldri har vore – og så gode me faktisk kan vera. 

Hallingdal FK – Årdal FK 3-4 (2-0)

Gol kunstgras

1-0   35 min   Erlend Hole Dokken

2-0   45 min   Jonas Bergane

2-1   47 min   Truls Hovland

2-2   56 min   Preben Strypet

2-3   60 min   Truls Hovland

3-3   84 min   Mikkel Storeskar

3-4   87 min   Truls Hovland

Dommar: Ole-Martin Loeshagen, Norderhov UIL med Even Åmot, Skrim og Rolf Kristian Tangen, Ådal IL.

Gule kort: Sivert Larsson, Brett Fellows, Terje Kvam Øvstetun, Årdal FK og Mikkel Storeskar, Erlend Hole Dokken og Pawel Kaczorowski, HFK

Årdal FK: Sivert Larsson, Ørjan Cafu Skilbrei, Vegard Aafedt Bukve, Brede Stedje Ylvisåker, Truls Hovland, Johnny Aspeseter Hagen (Joachum Furset frå 70.min), Endre Kauppi Straumsheim, Brett Fellows (Ruben Aspeseter fra 84 min), Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Preben Strypet, Terje Kvam Øvstetun

Ivan la ikkje skjul på at han hadde ei høna å plukka med Hallingdal då han og troppen reiste til Gol for å spela det som eigentleg er første kamp i haustsesongen.

Han har nemleg årets første kamp den 9.april på krøllgraset heime friskt i minne, då me tapte

2-1 og fekk ein temmeleg trasig start på sesongen.

Førsteomgangen på Gol var av det begredelege slaget. Årsverste, meiner trenarteamet.

– Sist me møtte Hallingdal vart det tap, men då dominerte me i det minste store delar av kampen.

Denne førsteomgangen var rett og slett elendig.

Lite sjansar til begge lag, dårleg konsentrasjon, dårleg innsats – alt som pregar ein dårleg fotballkamp var å sjå i dei første 45 minuttane, seier Ivan.

Det at me låg under 2-0 til pause bekymra han eigentleg lite.

Me har nemleg lege under i ganske mange kampar denne vårsesongen og komme tilbake og teke poeng, til og med vunne.

– Det som bekymra oss, var at me var så dårlege. Me visste at dersom me kom oss innatt på rett spor, ville me kunne ta att leiinga.

Difor gjorde me ein del grep i pausen – i tillegg til at me leksa opp og understreka nokså kraftig kva me tykte om innsatsen, fortel Ivan.

Han kasta ikkje eingong vekk tid på å gå i garderoben og tok heile pausen på benken i staden.

I tillegg la me om fra den vanlege 4-3-3-formasjonen me oftast spelar i, til 4-4-1-1.

– Det var med tanke på dei spelarane me hadde til disposisjon og me spg at det fungerte veldig greitt.

Rett nok kunne det fort blitt 3-0 til Hallingdal heilt i starten av andre omgang, me me henta oss inn, fekk ei redusering og tok over det meste derifrpå.

Etter tre mål på 13 minutt, var me oppe i leiinga  men me streva litt med å stå i mot presset og Hallingdal er kjend for å vera farlege på dødball.

Dermed vart det utlikning snaue ti minutt før slutt.

Med Fu/Vo-kampen friskt i minne, gira me litt om mot slutten og lukkast godt då Truls vart matchvinnar tre minutt før full tid – etter ekte hat trick!

– I denne kampen var me så dårlege som me aldri har vore i første omgang – og i andre viste me kor gode me faktisk kan vera, er konklusjonen.

Tre poeng, hat trick og flotte mål er naturleg nok fine ting å ha med seg heimatt frå ein tur til Gol, men det er enda fleire lyspunkt som er verdt å nemna.

Det eine er at Johnny Aspeseter Hagen starta sin første kamp på over eitt år – og holdt halvannan omgang, noko me sjølvsagt er svært glade for.

– I tillegg kjem Ruben Aspeseter inn frå 5.divisjonslaget og gjer ein veldig god og viktig jobb i sluttfasen der det handlar om å sikra desse tre viktige poenga – det er veldig gledeleg, slår Ivan fast.

Korleis det gjekk til då Ivan plukka høner i Hallingdal, er å lesa på FirdaLIVE!

Statistikken etter vårsesongen syner følgjande:

Me ligg på åttandeplass med våre 20 poeng på 14 kampar.

Me har 37-27  i målforskjell.

Me har skåra 24 av dei heime på Jotun stadion. Der har me også sleppt inn 11.

Me har skåra 13 mål på bortebane og sleppt inn 16.

Me har seks lag bak oss på tabellen.

På topp 10-lista over toppskårarar i denne avdelinga er sju av klubbane representert.

Didrik Mostue, Skedsmo, ragar øvst med sine 22 mål – men me er den einaste klubben som har tre spelarar på denne lista, nemleg Truls Hovland (11), Preben Strypet og Terje Kvam Øvstetun, begge med 8 kvar.

På same tid i fjor hadde me 12 poeng. Året før hadde me 9.

– Det at me ho har 20 etter litt over halvspelt serie, det er godkjend, meiner Jan Kåre.

– Me har ein del marginar mot oss, så som det at me i starten av sesongen var dårleg trent og bar preg av det.

Men etter kvart har me hatt fleire gode kampar mot topplaga i avdelinga som har bikka i vår disfavør, jamne kampar som me burde ha teke poeng i, så som borte mot Flisa, borte mot Valdres og borte mot Hauerseter.

Me har hatt mykje meir stang-ut enn stang-inn, seier han og pekar på at av 20 spelarar i troppen har sju-åtte vore ute med skader i fleire kampar no.

Men trass i at det lir mot ferietid for både trenarteamet og spelarane, tek ikkje Årdal FK fri denne sommaren. Det er lagt opp til to fellesøkter i veka i vekene framover, før troppen samlast att 27.juli for å bu seg til treningskamp mot naboane våre i Fjøra FK, som tek ferie på fjerdeplass i si avdeling!

6.august er det duka for ny heimekamp når Flisa kjem på besøk.

Årdal FK ønsker alle som følgjer oss ein fantastisk flott sommar så lenge!

(Foto: Elin Hæreid)