Hauerseter – Årdal FK

Hauerseter 5 - 1 Årdal FK
28 mai 2016 - 16:00Nordkisa stadion, kunstgras

Resultatet mot Hauerseter gjer ikkje eit heilt korrekt inntrykk av kampen, spør du oss! 

Ivan Øy

Kampfakta: Hauerseter – Årdal FK 5-1 (1-0)

Nordkisa kunstgress, Gardermoen

Laurdag 28.mai

Tilskodarar: 48, inkl 4 årdøler.

1-0   14 min   Martin Sivertsen

1-1   65 min   Truls Hovland

2-1   71 min   Timmy Tablå

3-1   83 min   Ukjend

4-1   93 min   Petter Lunde Håvang

5-1   98 min   Ukjend

Gule kort: Eirik Rode, Årdal FK

Årdal FK: Sivert Larsson, Ørjan Cafu Skilbrei, Eirik Rode, Preben Strypet, Kjetil Karslen (Ole Gunnar BUkve Kjødnes fra 54 min), Truls Hovland, Vegard Aafedt Bukve, Terje Kvam Øvstetun, Christian Stedje, Marius Loftheim (Anders Lereng fra 81.min), Brett Fellows.

 – Det var ein merkeleg kamp, rett og slett. Resultatet står i alle fall ikkje i stil med det som vart utført på bana, det er heilt sikkert. 5-1 tilseier jo at me skulle ha blitt totalt overkøyrt, men slik var det ikkje, seier Ivan – ein smule oppgitt etter firemålstap for Hauerseter.

– Første målet deira kom som følgjer av ein forsvarsfeil hjå oss, den var seig å få imot seg, men me skapte mange gode sjansar i første omgang me absolutt skulle hatt litt meir utteljing på. Eigentleg var me ganske nøgde då me gjekk til pause – og vart enige om at me skulle forsetta slik i andre, seier han.

Som sagt, så gjort. Dei første 20 minuttane av andre omgang styrte me kampen, tykkjer me sjølve.

Og Truls utlikna med eit kjempeflott mål, så det låg ei stund an til at me kunne henta poeng her.

Men så måtte Karlsen ut med skade, og det vart omrokkeringar som følgjer av det.

Ettersom me ikkje hadde all verdens av folk å setta inn med berre 13 mann i troppen i dag, vart det nok litt ubalanse i laget ein periode, noko som enda med at heimelaget tok leiinga 2-1.

Rundt ti minutt før ordinær tid byrja spetakkelet for alvor, og det oppstod ei rekkje hendingar mot slutten av kampen der me ikkje heilt føler me fekk rettvis behandling av dommaren.

Mellom anna var det opptil fleire som meinte heimelaget skåra to av sine siste tre mål som følgjer av at nokon var borti ballen med handa.

– Me var ikkje nøgde med dommaren i dag, det må me berre få lov til å seia.

Samstundes er det veldig viktig å understreka at me faktisk slepp inn fem mål, så me har ein del å jobba med.

Eg vil ikkje unnskylda oss med at me burde ha vunne eller at det var dommaren si skuld at me ikkje gjer det – men det er i alle fall ikkje slik at 5-1 gjev eit heilt rett bilde av kampen, seier Ivan.

– Eg trur det luraste no, er at me blir ferdige med dette så fort som mogleg og går vidare.

Me har ein del å gripa tak i når det gjeld å utnytta dei store sjansane me faktisk produserer, legg han til.

– Laget skal i alle fall ha ros for den innsatsen dei la ned, litt ris gjev me på bakrommet til dei som rota det til slik at me slapp inn nokre av måla – men elles sto folk på og gjorde ein bra kamp, reint spelemessig. Dei hadde fortjent betre denne gongen!

Korleis det arta seg, står meir om her på FirdaLIVE.