Høyang – Årdal FK

Høyang 0 - 8 Årdal FK
22 sep 2017 - 19:00Høyang stadion

Det aller meste klaffa perfekt på turen til Høyanger.

Allereie i løpet av kampens første minutt gav Truls Hovland oss leiinga, og deretter må det seiast å ha vore einvegskøyring.

– Me fekk ei veldig gd opning ved å skåra tidleg, Det sette titt preg på kampen. men det er klart, det viste seg fort at me ikkje møtte det Høyanglaget me møtte heime på Jotun stadion i vår, dei mangla ein del folk, seier Ivan om det.

(Alle foto: Elin Hæreid)

Han seir seg godt nøgd med at me spelte godt og skåra flerie flotte mål i denne kampen, heldt avtalar og fekk utteljing for sjansane. Det eine heng oftast saman med det andre.

– Me var fullt skjerpa inn i denne kampen, det viste me også med spelet, meiner Ivan.

Det førte til at Truls hadde laga ekte hat trick før pause, medan Christian og Terje skåra to flotte mål kvar.

Kampen baud nemleg også på eit gjensyn med vår gamle ven Thomas Frichsen, som stilte opp for klubben fordi det mangla folk. Alltid gledeleg å møta på Frichsen, sjøvlsagt, men det er også eit teikn på at Høyang slit i motbakke med rekruttering og labre resultat.

Det tykkjer ikkje Ivan er noko kjekt å sjå.

– Eg gøer med dei, og det er synd å sjå at Høyang ikkj ehar nok folt itl å hevda seg i de lokale kretsligaen. Dei høyrer til der, men er inne i eit generasjonsskifte og har ikkje mykje folk å ta av, seier Ivan til Sogn Avis.

Me ynskjer Høyang all mogleg lykke til framover og takkar for denne gongen. Takk for flott mottaking og takk for kampen, som me fekk starta ti minutt før tida, slik at me skulle ha sjans å rekka ferja fra Dragsvik.

Takk også til dommar Asbjørn Kjetil Grinde Håre, som særs velvillig gjekk med på å droppa tilleggstida. Det gjorde nemleg sitt til at me – etter å ha skunda oss alt me kunne i dusjen og ikkje somla på veg ut i bussen – rakk 21.40-ferja fra Dragsvik med god margin!

Laurdag skal me møta Tornado Måløy heime på Jotun stadion – ein annan klassikar i fylkesfotballen.

Vel møtt, alle, klokka 14.00!!

Kampfakta:

Høyang – Årdal

0–8 (0–4)

4. divisjon, Sletta stadion, fredag 22. september

Dommar: Asbjørn Kjetil Grine Håre, Fjøra med Ragnar «Raggen» Åmot, Jølster og Sivert Orheim, Florø

0–1 Truls Hovland 1. min,
0–2 Hovland 16. min,
0–3 Hovland 37. min,
0–4 Christian Stedje 42. min,
0–5 Terje Kvam Øvstetun 51. min, 0–6 Kvam Øvstetun 55. min,
0–7 Hovland 69. min,
0–8 Stedje 80. min

Gule kort: Andreas Haaland Berge, Navdar Omar, Sverre Dingsøyr, Høyang og Vegard Aafedt Bukve, Årdal FK

Årdal FK (4–3–3): Sivert Larsson – Fredrik Sørli (Endre Kauppi Straumsheim frå 34.), Brede Stedje Ylvisåker (Patrick Patanakarun frå 67.), Andreas Natvik (Marius Loftheim frå 46.), Kjetil Karlsen (Stian Laberg frå 67.) – Ole Gunnar Kjødnes, Ørjan Skilbrei, Vegard Aafedt Bukve – Christian Stedje, Truls Hovland, Terje Kvam Øvstetun