Hyllestad/Dale 2 – Årdal 2/Jotun/ÅTIL

Hyllestad/Dale 2 3 - 9 Årdal 2/Jotun/ÅTIL
28 aug 2016 - 15:00Hyllestad idrettsanlegg

Me har gått frå fjerdeplass til toppen av 5.divisjon på fem dagar. 

Det er verkeleg i ferd med å tjukna til i øvste del av  5.divisjon, avdeling 1, der Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen lenge har kniva med Bjørn og Balestrand om tabelltoppen.

Etter kampen mot Førde 3 sist tysdag, kraup opp eit hakk frå fjerde til tredje, og etter dagens match mot Hyllestad/Dale 2, gjekk me rett til topps.

Det skuldast at Balestrand spelte uavgjort mot Førde 3, medan Bjørn tapte for Fure.

Me derimot, slo Hyllestad/Dale 2 heile 9-3 etter ein kamp trenar Geir Kjetil er sånn passeleg nøgd med.

Me var nemleg ikkje heilt ferdige med oppvarminga då kampen starta, slik at heimelaget rakk å skåra to mål i løpet av dei første ni minuttane.

Deretter brukte me litt tid på å finna formasjonane våre og samla troppane, før Ruben Aspeseter reduserte etter 25 minutt.

I løpet av dei neste 17 minuttane skåra me heile tre gonger til, slik at stillinga ved pause var 2-4.

Ruben Aspeseter

– Me var ikkje spesielt gode i første omgang, for å sei det sånn. Det var mykje prat utpå der og mange hadde mykje meiningar om kva andre burde og skulle og kunne gjera, og me mangla fokus på det me faktisk skulle gjera, fortel GK.

– Så det vart ein overhøvling i pausen – for å sei det sånn.

Anders Lereng

Det har tydelegvis vore konstruktivt med ei slik overhøvling, for i andre omgang var det eit heilt anna lag som entra kunstgraset i Dale. Rett nok starta også denne omgangen med at heimelaget skåra, men etter det fekk me for alvor fart på oss og virka fast bestemte på å ta med oss alle poenga heimatt.

Marius Loftheim

– Då skapte me mange fine sjansar og spelte mykje bra fotball – som igjen gav seg utslag i heile fem skåringar. Me bomma i tillegg på eit straffe på stillinga 3-6, seier Geir Kjetil, som naturleg nok er nøgd med seier og tre poeng, trass i at det gjekk litt opp og ned dei første 45.

– Me hadde eit veldig ungt lag denne gongen, og hadde ikkje med oss så mange spelarar frå førstelagstroppen. I staden hadde me to nye gutespelarar med oss, Jacob Øren og Benedict Arsenault, som kom inn etter pause og gjorde ein god kamp. Nicolai Laberg spelte også ein veldig bra match, legg Geir Kjetil til.

Allereie neste helg er det duka for ein ny tur til Dale kunstgras, ettersom kampen mot Fure er flytta dit. Etter det står det att to kampar, nemleg mot Balestrand og Bjørn – begge på Cuba.

– Det kan bli ein spennande innspurt i denne avdelinga, det er det ingen tvil om. Men så lenge me vinn våre kampar, får det vera greitt – meir kan me nesten ikkje gjera, er konklusjonen.

Slik ser tabellen ut. 

Kampfakta: Hyllestad/Dale 2 – Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen 3-9 (2-4)

Dale kunstgras, søndag 28.august

Dommar: Ragnar Åmot, Jølster IL

1-0   03 min   Hyllestad/Dale 2

2-0   08 min   Hyllestad/Dale 2

2-1   25 min   Ruben Aspeseter

2-2   29 min   Benjamin Turcovic Alme

2-3   35 min   Benjamin Turcovic Alme

2-4   39 min   Anders Lereng

3-4   47 min   Hyllestad/Dale 2

3-5   55 min   Marius Loftheim

3-6   63 min   Anders Lereng

3-7   72 min   Sander Bjørkum Øvstetun

3-8   77 min   Anders Lereng

3-9   83 min   Anders Lereng

Desse spelte for Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen: Martin Herstad, Alexander Asperheim Barsnes, Truls Sylvarnes, Ruben Aspeseter, Endre Vigdal Øren, Simen Mannsverk, Marius Loftheim, Nicolai Laberg, Sander Bjørkum Øvstetun, Anders Lereng, Benjamin Turcovic Alme, Jacob Øren, Benedict Arsenault og Gøran Moheim.