Jevnaker – Årdal FK

Jevnaker 1 - 2 Årdal FK
14 mai 2016 - 16:00Jevnaker stadion

Makan til heiagjeng har me rett og slett aldri opplevd!

Jevnaker – Årdal FK (1-2) (1-1)

Jevnaker stadion, laurdag 14.mai 2016

Tilskodarar: litt uvisst, men rundt 40 som heia på Årdal, og som seiast å ha vore i fleirtal.

Dommar: Adem Satici med Nils Gunnar Bjerke og Emil Huso Opsahl

Gule kort: Ingen til ÅFK, minst tre, truleg fleire, til Jevnaker, inkludert raudt kort til trenar Fredrik Palerud Hansen.

1-0    03 min    Romero Julien

1-1    38 min    Terje Kvam Øvstetun (Christian Stedje assist)

1-2    77 min    Truls Hovland  (Christian Stedje assist)

Årdal FK: Sivert Larsson, Eirik Rode (Fredrik Sørli frå 70 min), Ørjan Skilbrei, Brede Stedje Ylvisåker, Vegard Aafedt Bukve, Christian Stedje, Endre Kauppi Straumsheim (Marcin Brzycky frå 68 min), Brett Fellows, Truls Hovland (Marius Loftheim frå 91 min), Terje Kvam Øvstetun og Preben Strypet (Robin Moheim frå 85 min).

Det var både kaldt og surt, tidvis stri motvind innimellom solgløtt og haglskurer, då me møtte Jevnaker denne pinseaftan.

Kanskje går ikkje akkurat denne kampen over i historia som ein av dei mest minneverdige me har spelt, reint sportsleg, sjølv om seieren var enormt viktig for oss. Ganske symbolsk, forresten òg, sidan det var dei første tre poenga me henta på bortebane denne sesongen.

Men det som vil sitta att er den utruleg gode følelsen av å spela bortekamp fleire timar heimefrå på ein stadion der folk som heiar på oss faktisk er i fleirtal på tribuna – det er ikkje akkurat kvardagskost for vår del.

– Heilt ubegripeleg kjekt og ikkje minst, utruleg viktig for oss. Spelarane er ikkje vande til at det er så mange som kjem på bortekampane våre, uansett kvar me spelar, så dette vart veldig spesielt, seier trenar Ivan.

– Det er så fint å tenka på at nokon bryr seg så mykje, klart det hadde mykje å seia for oss denne gongen. Det er noko med den 12. mann på bana, det fekk me i alle fall merka no.

Rundt 20 av våre faste folk hadde teke turen frå Årdal, fleire av dei i nær familie med spelarar og støtteapparat. I tillegg dukka det opp fleire årdøler som bur i området rundt Hønefoss – og til og med eit par sogndøler, ihuga SIL-patriotar som sådan, som kom heilt frå Ski for å vera med.

Endre Kauppi Straumsheim

Ein av dei var Helge Kastet, tidlegare Jotunkeeper, og i følgje dei som har greie på det, ein kar med svært god peiling.

Han held til i området rundt Asker vanlegvis, og lovar at det ikkje er siste gong han tek turen når Årdal FK spelar i nærleiken.

– Eg veit eg alltid vil treffa kjensfolk på kamp og det er sjølvsagt veldig hygeleg for ein utflytt årdøl. Jan Kåre var trenaren min på juniorlaget til Jotun – og det siste året mitt på A-laget, og er kanskje den som reint fotballfagleg har betydd mest for meg.

Eg var heldig som var ein del av ein god Jotun-generasjon leia av Jan Kåre som juniorspelar, og det er sjølvsagt alltid veldig moro å snakka fotball med han, seier Helge.

– Og Ivan, som for meg alltid vil vera minstemann Øy, han var eg nabo med i blokki i Øyaåkeren burettslag, eingong blokking – alltid blokking.

Eg møtte forresten også Kjetil Straumsheim, som eg gjekk i klasse med i ni år, ein kjempekar! Men sonen (Endre, journ.mrk) er ein betre fotballspelar.

I tillegg var jo også Jarle Hovland der, ein tanging eg hadde stor respekt for som spelar.

I det heile var det ein heil gjeng med kjensfolk på Jevnaker stadion – det var veldig artig, seier Helge, som tykkjer det er vanskeleg å vurdera dagens generasjon av a-lagsspelarar.

– Eg har nok ikkje sett så mange kampar med Årdal dei siste åra, men Årdal var stort sett betre enn Jevnaker denne gongen. Eg tykte briten (Brett Fellows, journ.mrk) jobba veldig godt og var bestemann. Teknisk var det vanskeleg å vurdera på ei heller dårleg grasmatte, det vart mange lange ballar og kriging i staden for finspel.

– Det som står klart for meg, er at begge desse laga har mykje å gå på reint fysisk – og at det er store individuelle skilnader.

Sjølve kampen står å lesa meir om her på FirdaLive.

Her går det fram at det oppstod tumultar på sidelinja mot slutten av kampen, som enda med at trenaren til heimelaget fekk marsjordre.

I det heile var det ein del frustrasjon å spora frå Jevnaker si sida utover i kampen, noko som sett frå vår ståstad verka forståeleg med tanke på at lista for gule kort var veldig, veldig låg hjå dagens dommar.

Protestar på avgjerdsler vart ved fleire høve belønna med gult kort, det var også det som gjorde at trenaren vart vist vekk.

Ein annan ting som nok var litt bemerkelsesverdig var at det var mange stopp i spelet utover i andre omgang, både ved innbytte og i samband med andre ting, så som protestar og gule kort.

Sjølv har me lært at me må ha betre orden i sysakene heretter, ettersom ein manglande penn var medverkande til at me vart skulda for å dra ut tida då me ville byta ut Truls like før full tid.

Då me gjorde vårt første byte, oppdaga me at me ikkje hadde penn til å fylla ut innbytarkortet, så me måtte låna ein frå Jevnaker.

Ved dei neste to byta, fekk me forståing frå linjemann om at me kunne fylla ut kortet etter kampen.

– Då me skulle byta ut Truls, som sleit med ei vond skulder, vart det stopp i spelet, Truls sprang mot benken og Marius stod klar, men då ombestemte linjemannen seg og ville ikkje akspetera bytet før me hadde kortet klart.

Dermed måtte Truls innatt på bana og spela vidare, medan me leitte etter penn, forklarer trenar Ivan.

– Til sist fekk me låna pennen til Jevnaker igjen, slik at me fekk fyllt ut kortet og kunne gjera bytet.

Veldig dumt av oss å ikkje ha penn tilgjengeleg – slik me pleier, det skal me få orden på.

Men det var altså ikkje fordi me prøvde å hala ut tida, understrekar han.

Han tykkjer i det store og heile at me vann ein fortjent seier denne gongen, sjølv om me kom seint i gong.

– Dei første 25 minuttane hadde me sterk motvind, som påverka kampen på fleire måtar, og me var for dårlege,heilt enkelt.

Og heimelaget hadde fleire store sjansar der dei kunne ha gått opp til både to og tre-null.

Men deretter tok me meir og meir over og hadde grei styring på kampen.

Eg følte aldri at me var trua etter at me gjekk opp til 2-1, for Jevnaker hadde heller ikkje så veldig mange sjansar i siste halvdel av andre omgang.

Tre poeng på bortebane gjer sitt til at me no ligg på sjetteplass på tabellen, noko me seier oss godt nøgde med.

Det var som sagt utruleg kjekt å spela framfor så mange som heia på oss – me må berre få takka dykk, alle som ein.

I tillegg må me få takka våre nye kjenningar frå Jevnaker for ei svært god mottaking av veldig hyggjelege folk som var trivelege å ha med å gjera – det betyr veldig mykje for alle lag som kjem farande til kamp at vertskapet tek godt imot oss.

Trass i at det var ei kjølig affære, er Jevnaker stadion ein veldig fin plass å komma til og spela fotball, berre så det er sagt!

Terje Kvam Øvstetun

Dagens kamp baud forresten på eit svært hyggjeleg gjensyn med ein gamal kjenning av oss, nemleg Fredrik Prestegård, lærdølen som spelte fleire sesongar for oss etter at han debuterte i august 2009, 17 år gamal.

Fredrik, som for tida er student på Hønefoss, gjorde veldig mange gode kampar for oss, ein tvers gjennom likandes kar og ein god spelar – som spelte ein  flott kamp for Jevnaker denne dagen.

Me ynskjer Fredrik og resten av Jevnaker lykke til vidare med sesongen – og velkommen til Jotun stadion over sommaren!

Alle andre ynskjer me hjarteleg velkommen til neste heimekamp som er kommande laurdag når Lillestrøm 2 kjem på besøk.

Alle foto: Elin Hæreid

(Klikk på bildet for større versjon!)