Kongsvinger 2 – Årdal FK

Kongsvinger 2 1 - 3 Årdal FK
12 aug 2016 - 16:00Gjemselund kunstgras

Me er i siget no, etter å ha teke 16 av dei siste 18 mulige poenga.

3.divisjon, avdeling 03

Kongsvinger – Årdal FK 2 1-3 (0-3)

Gjemselund stadion

0-1   16 min    Ørjan Skilbrei

0-2   21 min   Terje Kvam Øvstetun

0-3   44 min   Ole Gunnar Bukve Kjødnes

1-3   72 min   Ludvig Langrekken

Gule kort: Marcin Brzycky, Marius Loftheim, Joachim Furset, Anders Lereng, Eirik Lereng, Årdal FK og Hassan Al-Shimary, Kongsvinger.

Dommar: Johan William Grundt, Eidskog med Jo Lauritz Lea, Galterud og Jesper Østbøl Lea, Brandval IL.

Årdal FK: Sivert Larsson, Ørjan Skilbrei, Fredrik Aspeseter Sørli, Endre Kauppi Straumsheim, Brede Stedje Ylvisåker, Marcin Brzykcy (Joachim Furset fra 53 min), Vegard Aafedt Bukve (Marius Loftheim fra 87 min), Ole Gunnar Bukve Kjødnes (Eirik Lerneg fra 81 min), Preben Strypet, Truls Hovland, Terje Kvam Øvstetun (Anders Lereng fra 90 min).

Ørjan skilbrei

 

I løpet av første omgang hadde Ørjan Cafu Skilbrei, Terje Kvam Øvstetun og Ole Gunnar Bukve Kjødnes ordna med 3-0-leiing.

– Me var enige om å gå tøft ut med ein gong, det var viktig for oss med tanke på at me viste me kom til å møta eit godt lag med gode, unge, framadstormande spelarar, seier Ivan.

– Planen var å møta dei på deg me veit dei er gode på – dei er eit godt teknisk lag, nemleg.

Etter kvart vart det litt til at me vart seinka litt på vår eigen banehalvdel, det gjorde at me måtte ligga litt djupare og utnytta dei overgangane me fekk.

– 1-0 kom etter ein dødball, men mål nummer to og tre kom som følgjer av at me gjer nettopp det: ligg djupt og ventar og får brote motstandaren og køyrt overgangar – det er det me er gode på.

20 minutt før slutt, reduserte Kongsvinger 2 til 1-3, og fekk dermed litt blod-på-tann.

Ivan veit av erfaring, nettopp frå Fu/Vo-kampen, at 3-1 er ei farleg leiing å ha.

Den enda som kjend med poengtap etter at gjestene utlikna på overtid.

– Då gjaldt det berre å halda unna for trøkket – og det gjorde me i dag.

På same måte som i forrige kamp og den før der att, gutat la ned ein kjempeinnsats, eg må verkeleg skryta av laget og den kollektive lagånden som ligg i desse karane.

Det at me har teke 16 av dei siste 18 poenga handlar ikkje om enkeltprestasjonar – det handlar om laget, påpeikar Ivan.

Han legg til at det var ein roleg og fredeleg kamp, trass i at me pådrog oss heile seks gule kort.

– Marcin sitt var heilt greitt, resten lurer eg no litt på, eg tykte kanskje dommaren vart veldig spandabel med kortstokken ei stund.

Hverken spelet eller stemninga på bana er reflektert i talet på gule kort, seier Ivan.

Me fremja ønske om å få flytta akkurat denne kampen slik at gutane kunne få ta del i delar av den folkefesten som Målrock er her heime.

Det fekk me gehør for, noko me sjøvlsagt er godt nøgde med.

– Det var god stemning i bussen på veg heim, det er det ingen tvil om, seier Ivan.

Korleis det elles arta seg, er å lesa her på FirdaLIVE! 

Ny kamp neste helg, då er det Gran som kjem på besøk.

Der har me i alle fall noko revansj me har tenkt å ta etter vårkampen, det er heilt sikkert!