Sander – Årdal FK

Sander 0 - 4 Årdal FK
27 aug 2016 - 16:00Sandermoen stadion, kunstgras

Åttande kamp på rad utan tap- og fire flotte mål mot Sander denne fine laurdagen.

Kampfakta: Sander – Årdal FK

Sandermoen stadion

Laurdag 27.8.16

Dommar: Jonas Fuglum Hovden,Storhamar Fotball med Simen Aase, Ksen IL og Erlend Reigstad, Ottestad IL.

Gult kort: Fredrik Sørli, ÅFK

0-1   21 min   Preben Strypet (Vegard Aafedt Bukve assist)

0-2   24 min   Truls Hovland (Preben Strypet assist)

0-3   55 min   Terje Kvam Øvstetun (Truls Hovland assist)

0-4   86 min   Joachim Furset (Terje Kvam Øvstetun assist)

Årdal FK: Sivert Larsson, Ørjan Cafu Skilbrei, Marcin Brzycky (Terje Kvam Øvstetun fra 46 min), Brede Stedje Ylvisåker, Fredrik Aspeseter Sørli, Endre Kauppi Straumsheim, Vegard Aafedt Bukve (Marius Loftheim frå 62 min), Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Truls Hovland og Preben Strypet.

Innbyttarar: Preben Gilleshammer

Det ville vera utopi å tru at me ikkje hadde eit sterkt håp om poeng denne gongen, med tanke på at Sander ligg sist på tabellen og me slo dei heile 10-0 heime på Jotun stadion i vår.

Men ballen er som kjend rund og alle kampar må spelast først og alt det er – så det å nullstilla og fokusera var kanskje viktigare no enn nokon gong.

Preben, Truls, Terje og skåra kvart sitt mål – og Joachim fekk æra av å fastsetta sluttresultatet til 4-0 like før slutt.

Korleis det gjekk i store strekk gjekk føre seg, står å lesa her, på FirdaLIVE.

Det vert meldt om god stemning på heimturen, noko som sjøvlsagt ikkje er så veldig rart.

– Me er godt nøgde med 4-0 på bortebane, anna kan me ikkje vera. Det er noko med det nullstilla og vera dønn ærlege på korleis me skal løysa oppgåvene våre.

Sander hadde ein stor sjanse i første omgang, der me ikkje var heilt fokuserte på det me skulle gjera – men me var nærmare fleire skåringar enn dei var ei redusering, så dønn ærleg må me kunne vera òg, seier Ivan.

I dag løyste me oppgåvene våre greitt og fekk dessutan prøvd litt nytt, så som Marcin på høgrebacken, der han fekk 45 minutt.

Me vil ikkje køyra han for hardt heller, så Terje kom inn oppe i lag med Preben, noko me også fekk valuta for. Joachim fekk 90 minutt – og eitt mål – det likar me sjøvlsagt, og Marius kom inn og gjorde ein god halvtime, seier Ivan.

Han berømmer målmann Sivert Larsson, som han meiner har teke store steg.

 

– Sivert gjer ein perfekt kamp, rett og slett! Han er tøff i trynet, går ut og stopar ein som eigentleg kjem åleine med keeper – det var den store sjansen Sander hadde i første omgang. Han er ryddig og ordentleg i feltarbeidet, der har han teke store steg – og det gjer at det er veldig trygt å ha Sivert bakerst, er konklusjonen.

Neste kamp er heime på Jotun stadion neste helg, når Jevnaker kjem på besøk.

Du kan slappa av ei lita stund til – Ivan, Jan Kåre, Geir Reidar og gutta er allereie i full sving med førebuingane.