Skavøypoll – Årdal FK

Skavøypoll 1 - 1 Årdal FK
13 mai 2017 - 14:00Skavøypoll stadion
Trenar Ivan følte seg hjelpelaus der oppe på tribuna.
Det er ikkje så rart, kanskje, han hadde tross alt stått opp grytidleg for å reisa heile den lange vegen til Vågsøy og Skavøypollen berre for å sitta på tribuna og tiga heilt stilt.

– Det var ikkje noko kjekt syn eg såg der oppefra i alle fall, og eg følte meg ganske hjelpelaus som ikkje kunne bli med og bidra på sidelinja, seier han.

– Eg anar ikkje heilt kva som skjedde her, det var som om all luft var ute av oss. Eg veit ikkje kvifor me ikkje greier å avgjera denne kampen, for me har sjansar nok til å gjera det, gong på gong, fortel han.
Det starta litt upresist og nølande for vår  del, men me fann etter kvart ganske fin form der oppe på Skavøypoll stadion, der speleforholda var upåklagelege med 15 vindstille grader og sol.

Det vart fleire raid utover i første omgang, enkelte heilt godkjende sjansar vart det ut av det og, men noko mål vart det ikkje. Litt av årsaka var at heimelaget låg tidvis særs lågt, noko som skapte ein del offensive utfordringar for vår sin del.

Men så, i det 33 minutt, etter litt att og fram i feltet, sette Nicolai Laberg inn leiinga då han skåra sitt andre mål denne sesongen. Det sette også litt fart i sakene, både framover og bakover, men i det store og heile var det stillingskrig det handla om fram mot pause.

Etter pause heldt det fram i nokonlunde same stil, og heimelaget sette inn høgt press.

Me streva litt med kommuniaksjonen bakover, og slepte ifølgje trenar Ivan Skavøypollen alt for lett til, noko dei visste å utnytta då dei sette inn utlikninga etter 63 minutt.

– Eg må vera så ærleg å seia at dette truleg er noko av det dårlegaste me har prestert denne sesongen, det var lite som stemde for vår del, diverre, seier han.

Med tanke på at det gjekk i alle retningar mot slutten av kampen, prøver han å vera takksam over  at det i det minste vart poeng.

– Det gjekk i hytt og pine til slutt, så me får ta med oss dette eine poenget. Men eg tek diverre også med meg vissa om at me bomma på ope mål omtrent, tre-fire gonger. Den er seig.

I tillegg må eg seia at eg er godt nøgd med at Nicolai Laberg igjen skåra eit mål – han er ein positiv og viktig spelar for oss, og var eit lyspunkt i dag.

Den lange turen heimatt frå Vågsøy skal Ivan og gjengen bruka til å forsøka å nullstilla seg og sjå framover.

– Kva anna kan me gjera? Det er ny kamp att om tre dagar, mot serieleiar og alt som er, og me veit at det blir vanvittig tøft, så me har ein utruleg stor jobb å gjera, er konklusjonen.

Etter fire serierundar er Årdal på 8.plass på tabellen med fem poeng.

Vik toppar framleis med full pott, null baklengsmål og 12 poeng.

Tysdag er det duka for eit skikkeleg 16.mai-oppgjer på Jotun stadion.

Ivan grugledar seg.

– Me gler oss, men me veit det kjem til å bli knallhardt. Vikjene spring til dei stuper, slik har det alltid vore. Slik det er no, må me berre skjerpa oss. Og me har ein stor, stor jobb å gjera berre med å nullstilla oss.

Me takkar Skavøypollen og dommatrioen for kampen og ønsker absolutt alle hjertelig velkommen til Jotun stadion tirsdag kveld!

Kampfakta:
Skavøypoll – Årdal FK 1-1 (0-1)

Kretsligaen, 4. serierunde, Skavøypoll stadion laurdag 13. mai

Dommar: Andreas Sandal, Haugen IL med Steve Sibondagara, Eid og Kaj-Inge Fløde, Stadlandet IL

Gule kort: Fredrik Aspeseter Sørli, Årdal FK og Anders Martin Kvalvåg, Magnus Nore, Sindre Myhre Silden, Skavøypollen

0-1   33 min   Nicolai Laberg

1-1   63 min   Lars Nygård

Årdal FK: Sivert Larsson, Kjetil Karlsen (Anders Lereng frå 80 min), Fredrik A. Sørli, Brede Stedje Ylvisåker, Nicolai Laberg, Ole Gunnar Kjødnes, Vegard Aafedt Bukve (Simen Mannsverk frå 69 min), Andreas Natvik, Terje Kvam Øvstetun, Joachim Furseth og Christian Stedje.