Tornado Måløy – Årdal FK

Tornado Måløy FK 2 - 0 Årdal FK
17 jun 2017 - 16:00Måløy stadion

– Resultat kan vera urettferdig i nokon kampar. I dag skåra me ikkje på dei sjansane me skapte, medan Tornado Måløy sette dei to sjansane dei fekk. Det er ingen tivl om at dei hadde e dårleg oppleving då dei tapte 9-0 for Sogndal 2 og hadde bestemt seg for å snu kjerringa, som me seier. Difor var det eit massivt forsvar me møtte som var veldig vanskeleg å komma gjennom til tider. Det er ikkje ofte me snakkar om å parkera bussen i 4.divisjon, men det må me nesten gjera her, seier trenar Ivan.

– Spelemessig styrer me kampen, det er heilt slik me gjorde mot Vik. Men det viktiaste i fotball er no å skåra mål. Og det gjorde me ikkje. For å seia det enkelt, dei gongene dei var på besøk på vår halvdel, var då ein spelar fekk tak i ballen og spende den så langt dei kunne. Og me sleppte dei for lett til på måla deira, det har me også sett at me har gjort tidlegare i liknande kampar. Mot slutten satsa me alt framover og flytta fram alt som kunne krypa og gå – det er siste målet til Tornado Måløy eit resultat av.

Det var med berre 14 spelarar at me reiste til Måløy denne laurdagen. Christian Stedje, Andreas Natvik, Johnny Aspeseter Hagen og Kjetil Karlsen vart att heime av ulike årsaker.

– Det er klart, det er spelarar med rimeleg bra tyngd. Eg skal ikkje seia at me hadde vunne om dei hadde vore med, men me veit kva dei står for. Og det er uansett ikkje bra at me reiser med så liten tropp, er Ivan sin konklusjon.

Me takkar Tornado Måløy og dommartrioen for kampen.

Med dette er me no på sjetteplass på tabellen med våre 14 poeng.

Neste laurdag får me besøk av Bremanger heime på Jotun stadion – det blir ein ny sjanse til å snu kjerringa. Vel møtt til store og små.

Kampen – sett med kommentarorauge frå Måløy –  er referert her, på FirdaLIVE. 

Kampfakta:

Tornado Måløy – Årdal FK 2-0 (1-0)

Måløy stadion, laurdag 17.juni

Gule kort: Sveinung Frantzen, Tornado Måløy

1-0   31 min   Thor Åge Pleym Evensen

2-0   87 min   Saron Bugjerde

Dommar: Rune Haugland, Haugen IL med Steve Sibondagara og Muhamet Barlla, begge Eid IL.

Årdal FK: Sivert Larsson, Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Simen Mannsverk, Ørjan Cafu Skilbrei, Nicolai Laberg, Fredrik Sørli, Joachim Furseth, Brede Stedje Ylvisåker, Marius Loftheim (Sander Bjørkum Øvstetun fra 40 min), Terje Kvam Øvstetun, Vegard Aafedt Bukve.