Ullensaker/Kisa 2 – Årdal FK

Ullensaker/Kisa 2 0 - 3 Årdal FK
19 jun 2016 - 15:00Jessheim stadion

Eitt mål og ein assist for debutant Joachim, til sama tre flotte mål – og tre svært viktige poeng for oss alle saman. Ivan har nesten ikkje ord. 

Ullensaker /Kisa 2 –  Årdal FK 0-3  (0-1)

Jessheim stadion

0-1   45 min Joachim Furset

0-2   71 min Preben Strypet

0-3   88 min Truls Hovland

Årdal FK: Sivert Larsson, Fredrik Sørli, Brede Stedje Ylvisåker, Ørjan Skilbrei, Vegard Aafedt Bukve, Joachim Furset (Marius Loftheim frå 75 min), Truls Hovland, Brett Fellows, Ole Gunnar Bukve Kjødnes (Anders Lereng frå 85 min), Terje Kvam Øvstetun.

Då me skulle til å gje oss i veg heimatt frå Jessheim i dag, stod det 0-3 på tavla og jubelen ville ingen ende ta. Jubel var det sjølvsagt over tre poeng og seier – men også for den fantastisk flotte debuten til Joachim Furset (16), som melde overgang frå ÅTIL fredag ettermiddag og spelte frå start i dag.

Korleis kampen arta seg, står å lesa her på FirdaLIVE.

Der går det mellom anna fram at Joachim opna skåringskontoen for Årdal FK då han dundra inn leiinga i siste minutt før pause.

han var også nest sist då Preben la på til 2-0 i det 77.minutt, før Truls fastsette resultatet til 3-0 to minutt før slutt.

Trenarteamet er naturleg nok elleville over tingenes tilstand denne fine junisøndagen, ikkje minst også fordi me leverer ein skikkeleg god kamp over heile linja.

– Me spelar heilt klart vår beste kamp denne sesongen, den måten me opptrer på reint kollektiv i dag, det er det beste eg har sett, seier Ivan.

– Det var prikkfritt gjennomført over heile linja, eg trur faktisk ikkje Ullensaker/Kisa hadde ein reel målsjanse, det var fantastisk.

Og spelarane fortjener verkeleg dette!!

Me har ikkje heilt evne til å drepa kampar enda, for me skapar jo tallause sjansar som me ikkje utnyttar skikkeleg, og me held oss sjølve på pinebenken med å lesa 1-0 såpass lenge som 25 minutt, men så fiksa Strypet og Truls resten – det gjorde veldig godt, seier han.

Ivan og Joachim

 

Då overgangen var eit faktum fredag, karakteriserte Ivan det siste tilskotet til troppen slik:

– Han er ein typisk god gammaldags vingspelar. Han er god på begge kantar, god med begge føtene og god både i avslutningsfasen og på innlegg.

Eit godt tilskot!

Med det summerte han visst også opp debutkampen for stortalentet, som heller ikkje var spesielt prega av nerver i sin første kamp.

– Eg var ikkje nerøvs, eg kjenner desse folka veldig godt, for eg har trent med dei i eitt år no.

Men det er klart, det hjelpte å skåra eit mål og dessutan få til ein målgjevande pasning, seier Joachim.

– Denne debuten kunne vel ikkje blitt noko betre, eigentleg, det var den beste eg kunne ha fått. Då ballen gjekk inn, tenkte eg ikkje så veldig mykje, akkurat, eg var berre glad. Det er kjekt å få vera med og bidra heilt frå start, eg håpar eg kan bidra med mykje meir etter kvart, seier han, som no ser veldig fram til å reisa til Porsgrunn på talentleir neste måndag. 

 

– Eg gler meg til å spela med andre spelarar på min alder og sjå kva slags nivå dei held.

Håpar eg har dagen så eg kan visa meg fram, seier han – som i alle fall må seiast å ha hatt dagen i dag.

– Han er den typen som jaktar og som er fantastisk når dei andre spelar han opp slik me såg truls gjera det med sin geniale pasning i dag, seier Ivan, som karakteriserer målet til Joachim som rett og slett vakkert.

– Ballen kom frå Truls, Joachim drog innover og sette ballen kontant i hjørna, det var lekkert utført!

Ivan og jan Kåre

– Det var ein alle tiders debut for ein spelar som Joachim, til tider hadde Ull/Kisa skikkeleg trøbbel med han, for han er teknisk veldig god ein mot ein. me hadde ein del fokus på at han skulle prøva å unngå dei mest fysiske duellane, det vil me ikkje setta han til endå.

Målet er ein ting, men også den målgjevande pasninga – det var fantastisk – eg tek av meg hatten for ein slik drøymedebut!

Me har to kampar att før me skal ta ferie. Den neste er heime på Jotun stadion neste laurdag mot Funnefoss/Vormsund – den siste før ferien er borte mot Hallingdal.

Fu/Vo slo for øvrig nettopp Hallingdal i dag med heile 10-0.

Snakkast på bana neste laurdag, folkens!