Valdres – Årdal FK

Valdres 4 - 2 Årdal FK
08 jun 2016 - 19:00Blåbærmyra stadion


Etter ein skikkeleg kalddusj av ein start, henta me oss godt innat – men det holdt ikkje heilt inn denne gongen. 

Etter sju minutt hadde heimelaget Valdres FK skåra to gonger – medan me tydelegvis framleis heldt på med oppvarminga.

Det kosta oss dyrt i siste ende.

Trass i at me henta oss meisterleg inn mot slutten av første omgang og den første halvdelen av andre, enda det med 4-2-tap – til trenarteamet sin store frustrasjon.

– Utruleg surt mot Valdres å få to mål imot seg på den måten etter sju minutt.

Det eine var eit uhell for Sivert – eg tykkjer det er synd for Sivert, men det er slikt som skjer. Det skal ikkje skje – men det skjer, seier Ivan, som kallar dei to første måla til Valdres for råtamål.

– Me må berre slutta med å sleppa inn desse måla – me pålegger oss sjølve så utruleg store arbeidsoppgåver med å ta innatte slike store ledelsar! Uff!

Sivert Larsson

– I andre omgang tenkjer me at me må opp i bana, me må trøkka dei og få dei bakpå, få dei til å feila.

Og det gjorde me – me skårar to mål og utliknar. Og dessutan eit tverrleggarskot av Truls, pluss nokre nesten-sjansar.

Me har Valdres i kne, dei begynnar å vakla  – men så skjer det igjen, det som er litt symptomatisk for oss, me slepp dei for lett til på 3-2 og 4-2.

I fjor slapp me nesten ikkje inn spelemål på hausten – no sleppe me inn haugar. Me sluttar å gjera det me ser fungerer, seier han.

– Første omgangen er identisk med Skedsmo-kampen – det var jo nære på at det ikkje stod 3-0 til pause etter den Valdres hadde i tverrn.

Me blir til dels overkøyrt i starten, sjølv om me veit god kva Valdres gjer i ein del situasjonar, og likevel slepp me dei til.

Det handlar om lagsamarbeidet som me må setta høgare enn dei individuelle kvalitetane våre, det er det som må ligga i botn.

– Det viser seg det at reint kondisjonsmessig sett er me begynt å komma opp på det nivået me ikkje har vore på dei første seks-sju kampane.

Me burde sjøvlsagt ha vore der, men slik er det no berre, seier han. 

Onsdagskampen på Blåbærmyra er den andre av tre kampar på ei veke, noko som sjøvlsagt ikkje er heilt optimalt for ein tynn tropp som slit med skader. Både Kjetil Karlsen, Marcin Brzcky og Christian Stedje melde forfall med dels langvarige skader – medan Brett Fellows måtte sona karanterne på grunn av gule kort.

– Det er eit travelt program, det tærer sjvlsagt på. Me reiser med 13 mann og det er klart, gutta gjer ein kjempeinnsats for å henta seg innatt og to fantastiske mål. Men me må vera såpass kyniske at me tenkjer, skal me vera nøgde med eitt poeng, komprimera og stå imot trykk – eller skal me satsa på det me er gode på. Det var det siste me skulle – men det var det me slutta med.

Lyspunktet denne gongen var at Ole Gunnar Bukve Kjødnes (18) skåra sitt første mål i 3.divisjon då han utlikna til 2-2 etter halvspelt andre omgang – og akkurat det varma trenarhjarta.

Ole Gunnar Bukve Kjødnes

– Eit kjempeflott mål – og ikkje minst eit utruleg viktig mål på akurat det tidspunktet, det gav oss den energien me trengte akkurat da.

Det er veldig kjekt for Ole Gunnar at han fekk opna kontoen, som det heiter – og me treng folk som kan stå fram og skåra mål no, det er det ingen tvil om, seier Ivan.

Kent Fimreite

Målet til Ola Gunnar og dessutan reduseringsmålet til Terje Kvam Øvstetun, pluss dei andre skåringane, ser du her hjå Sogn Avis – som har inngått eit samarbeid med Kent Fimreite og Hallo Sogn.