Vik – Årdal FK

Vik 2 - 2 Årdal FK
02 jun 2018 - 15:00Vik kunstgras

Det vart akkurat like heftig i Vik som me hadde håpa – og frykta.

– 2-0 er ein farleg ledelse, dette veit me fra før og det fekk me merka i dag, seier Ivan etter at det vart poengdeling i Vik i dag. Det tok berre to minutt frå me leda 2-0 til Vik hadde utlikna til 2-2.

– Me me er mest av alt uheldige, me har fleire sjansar til å drepa denne kampen, både på 2-0 og på 2-2, men det ville seg ikkje, som det heiter.

Simen skåra vårt første mål etter ein halvtime. Det var eit straffespark dommar Asbjørn Grinde Håre dømde etter at Joachim vart lagt i bakken av ein vikje. Det skapte då også meir trøkk i kampen, så mykje trøkk det er mogleg å skapa i alle fall, i nesten 30 graders varme.

Vårt andre mål var det Terje som skåra då han hamra ballen i krysset bak Stig Roar Hovland. Då hadde me spelt cirka 12 minutt av andre omgang.

Men, som Ivan og gutta altså er godt klare over, 2-0 er ei farleg leiing. Og vikjene har nett ikkje tradisjon for å pakka saman av den grunn.

I løpet av tre små minutt hadde nemleg Vik skåra to gonger og stillinga var 2-2 eit kvarter før slutt.

Der Svein Erik Saglien og co augna sjanse for heimesider, vart det som venta nokre heftige tak mot slutten.

– Vik er Vik, som me alle veit, dei fekk blod på tann og køyrde på. Me hadde spelemessig god kontroll på kampen i lange periodar, heilt til me slepp opp litt og let Vik får komma til og spela åp det me veit dei er gode på: høge ballar langt fram, inn i boksen og der dei krigar for å få ballen inn, seier Ivan.

Utlikninga til Vik var ein feil av målmann Sivert.

– Han står ein kjempekamp og har stålkontroll og så får han denne eine feilen som gjer at dei skårar. Eg tykkjer synd på Sivert langt meir enn eg er irritert over at me ikkje får alle tre poenga, seier Ivan.

Han tykte det var grusomt å spela i Vik i dag – på grunn av den utmattande heten.

– Uff, det er verkeleg ikkje bra å spela fotballkampar klokka 15:00 når veret er sånn. Det må me ta lærdom av til seinare, for det er på grensa til at det er forsvarleg, nesten.

Men me klagar ikkje på veret, eigentleg. Ikkje på dommaren eller Vik heller, for den del – mest på oss sjølve, er konklusjonen.

Firdalivereferat her!

Kampfakta: Vik – ÅFK 2-2 (0-1)

Vik stadion, laurdag 2.juni

Dommar: Asbjørn Kjetil Grinde Håre, Fjøra med Brede Nymark, Sogndal og Thor Kristian Sortevik, Svelgen

Gule kort: Johnny Aspeseter Hagen, ÅFK og Svein Erik Saglien, Vik

0-1 30 min Simen Mannsverk (str)

0-2 57 min Terje Kvam Øvstetun

1-2 72 min Endre Holstad

2-2 74 min Svein Erik Saglien

Årdal FK: Sivert Larsson, Sander Bjørkum Øvstetun (Edvin Hestetun frå 55.min), Vegard Aafedt Bukve, Brede Stedje Ylvisåker, Ørjan Cafu Skilbrei, Joachim Furset, Simen Mannsverk, Nicolai Laberg, Terje Kvam Øvstetun, Johnny Aspeseter Hagen, Anders Lereng.