Vik – Årdal FK

Vik 1 - 2 Årdal FK
01 sep 2017 - 19:00Vik kunstgras

… men trenar Ivan Øy kunne tenkt seg at sigeren vart større.

– Me vinner kampen 2-1 og fullt fortent, men me burde ha vore meir effektive framføre mål.

Alle foto: Elin Hæreid

Øy legg ikkje skjul på at med ei 2-1 leiing, så vart det nokre tøffe duellar mot slutten av kampen.

– Me veit at Vik er gode på dødballar. Det er der dei skapar sine største sjansar.

Han irriterer seg litt over sjansesløseriet til gutane sine og at det vart unødvendig spenning på slutten.

– Me bommar for mykje på store sjansar og har i det siste ikkje heilt evna å avgjera til vår fordel, men me klarar å ro i land sigeren, og det smakar godt når du veit at Årdal er den skalpen Vik set høgast.

Christian Stedje sendte årdølene i føringa allereie etter fem minutt. Han svinga inn eitt legg frå kanten som gjekk forbi alt og alle, i stolpen og inn.

– I utgangspunktet var det meint som eit innlegg, men ballen gjekk i mål, seier Øy, som var nøgd med starten på kampen.

– Me kom til mange store sjansar og me fekk ei tidleg scoring.

Men Vik svara ti minutt seinare då Thomas Hjortland utlikna for heimelaget.

– Der er me litt tafatte. Me greier ikkje stoppa Vik på veg gjennom, dei får moglegheit til å skyta og så står det 1-1. Det blir litt for enkelt, men me fekk ikkje panikk. Me produserte mange sjansar og venta på berre på utteljing.

Laga gjekk til pause på stillinga 1-1. Etter kvilen starta Årdal på same måte som i 1. omgang, med ei tidleg scoring. Truls Hovland var sikker som banken frå 11-meteren då han sendte årdølene tilbake i leiinga.

– Me skapar mange enorme sjansar etterpå. Mellom anna traff me vel tverra tre gonger i løpet av kampen og det var redningar på strek. Men me har ikkje mariginane på vår side og det var fleire situasjonar som ikkje gjekk i vår favør, men me heldt unna. Og det smakar alltid godt med tre poeng i Vik.

Søndag skal årdølene i elden igjen når Førde 2 kjem på besøk til Jotun stadion. Øy er spent på kva lag som kjem frå Sunnfjord.

– Du veit aldri kva du får av desse toarlaga. Difor varirerer dei veldig i prestasjonane. Dei hadde ein fatal kamp mot eit sterkt Sogndal 2 no sist, som vann 13-2. Det seier sitt.

– Me går uansett for siger og håpar å få retta opp i dei tinga som me ikkje har lukkast med i det siste. Me må finna tilbake til godkjensla, seier Øy, som håpar på ein god kamp på Jotun stadion.

Vel møtt!

Kampfakta:

Vik – Årdal FK 1-2 (1-1)

Kretsligaen, fredag 01. september 2017, 16. serierunde, Vik stadion

Mål: 0-1 5 min. Christian Stedje, 1-1 13 min Thomas Hjortland, 1-2 48. min Truls Hovland.

Gule kort: Sivert Larsson og Fredrik Aspeseter Sørli, ÅFK. Dag Einar Bøtun, Thomas Tveit Hortland og Svein Erik Saglien, Vik.

Dommar: Yngve Håkonsen

Årdal FK: Sivert Larsson, Simen Heggheim Mannsverk, Ørjan Cafu Skilbrei, Brede Stedje Ylvisåker, Fredrik Aspeseter Sørli, Vegard Aafedt Bukve, Ole Gunnar Kjødnes, Nicolai Laberg (Kjetil Karlsen frå 80. min.), Joachim Furset (Marius Loftheim frå 80. min.), Christian Stedje, Truls Hovland.