Førde 2 – Årdal 2 6-1 (2-1)

Årdal FK 2 tapte kampen fortent mot Førde 2.

4. divisjon, 5. runde

Mål:

1-0 (7): Thomas Fjørstad

2-0 (14): Ruben Holsæter (str)

2-1 (37): Daniel Eide

3-1 (63): Eirik Fraas

4-1 (72): Bernt Norevik

5-1 (78): Ruben Holsæter (str)

6-1 (85): Kim André Herstad

Lagoppstilling : Morten Skarsbø, Alin, Gøran Moheim, Ketil Karlsen, Truls Sylvarnes (Robin Moheim) Mats Andre Jevnaker, Gjert Nygård, Sverre Heggheim, Daniel Eide, Brede S.Ylvisåker, Johnny Aspeseter (Faruk frå 22.min)

ÅFK2 mangla 5 spelarar mot Førde som starta forrige kamp mot Læral. Tomas Malinowski, Stian Karlsen (karantene), Tobias Gloppen (skade) Christian Stedje (jobb) og Gunnar Heggheim (eksamen). Likevel reiste me opp til Førde for å yta god motstand, og var før kampen samde om å bretta opp armane og hjelpa kvarandre til gode prestasjonar.

Allereie etter 14 minuttar låg me under med to mål, og Førde spelte hurtig og god fotball som gjorde at me ikkje hang saman. Me vann ikkje duellane, og var alltid på etterskot. Førde kom rundt på kantane, og kom gang på gang til gode innlegg som fort kunne ført til fleire mål.

Johnny må dessutan gå ut med strekkskade etter kun 20 minuttars spel. Utover i omgangen kjem ÅFK2 litt meir med. Midtvegs i fyrste omgang kjem Brede åleine med keeper i stort fart, men i stadenfor å runde keeper skyt han rett på han, og me fekk ikkje den reduseringa me hadde håpa på. Reduseringa skulle likevel kome ganske kjapt etterpå, for i det 37.minuttet scorar Daniel på eit flott skot som treff førdeforsvararane og rett i mål. 2-1 til pause var eit resultat me kunne vera godt nøgd med, sidan Førde lett kunne ha scora 2-3 mål til.

Daniel skåra einaste målet til Årdal  

2.omgangen fungerar faktisk litt betre enn 1.omgangen, sjølv om me i denne omgangen slepp in 4 mål. Midtbana vår pressar meir i lag på midten, og me overtek meir av banespelet. Førde var veldig effektive og scorar på sjansane sine. Det gjorde derimot ikkje ÅFK2, og difor blei det ikkje fleire scoringar på årdølene i denne omgangen. Så får det vera at eit mål eller to kanskje var offside, og at me  burde hatt straffe også. Likevel, me har kun oss sjølve å takke for resultatet, og Førde var uansett mykje betre enn oss denne flotte måndagen i mai.

Konklusjon : Me blir for temposvake, og Førde trillar ballen kjapt og me klarar ikkje kome ordentleg opp i dei. Dei varierer spelet hurtig, og kjem rundt på både kantane og i midten, noko som gjer at me ikkje heng med i svingane. Dette fører også til 2 straffespark til Førde, sjølv om den eine var meget tvilsom. I tillegg jobbar kantane for dårleg tilbake, og dette forplantar seg sjølvsagt bakover til forsvaret, som ikkje får nokon enkel jobb med å demme opp for raske førdespelarar.

Best på ÅFK 2 : Mats Andre Jevnaker & Gjert Nygård, og periodevis også Daniel Eide. Ellers gjer Morten Skarsbø ein god kamp i mål for ÅFK2. Alle spelarane må no gå i seg sjølve, og prøve å løyse arbeidsoppgåvene sine betre til neste kamp.

Dommaren : Grei kamp.

RR