Førde får heimebane i finalen

Medan Førde har spasert til sine kampar i Firda Avis Cup får Jotun på ny ein lengre bortetur. Det er enno uvisst når finalen blir spelt.

Førde trenar Kai Vidar Nygård har hatt

problem med å nå opp på Jotun sitt nivå før..

Veit ikkje om han torer reise heim

Eg veit ikkje når eg tør reisa heim att etter dette seier Svend Arne Vee til
avisa Firda. Årdølen var med og trakk Førde stadion til finalearena i årets
Firda Avis cup, noko som gjer at Førde spelar finale på heimebane for tredje
gong.

Delt syn på Jotun sine sjansar

Førde trenar Kai Vidar Nygård reknar ikkje med at Jotun tek poeng mot Stryn
i seriefinalen til helga. Til det er Stryn for gode seier Nygård til Firda og
håpar at finalekampen då kan spelast laurdag 4. oktober.

Nyhenderedaktør i Firda Svend Arne Vee har betre tru på Jotun i oppgjøret mot
Stryn. Eg er rimelig sikker på at Jotun går vidare til kvalifiseringsspel til 2.
divisjon og tek steget opp. Dessutan trur eg at dei slår Førde. Sjølv om kampen
blir spelt på Førde stadion, avsluttar Vee som har litt dårleg samvit for å
trekt i disfavør Jotun.

Pengar og pokal til vinnaren

Firda Avis cupen blir i år arrangert for nittande år på rad og premien til
vinnarlaget er 25 000 kroner, tapande finalist får 10 000 kroner. Førde spelar i
år sin femte finale, medan Jotun har lite erfaring frå spel i Firda Avis cup og
deltek i sin fyrste finale.