Fotballorakelet bomma stygt

Fotballorakelet Arne Scheie sa i eit program på NRK 2 at opprykket glapp for Jotun mot Brumunddal i fjor. No legg han seg paddeflat i avisa Firda.
Under programmet Blender på NRK fortalte Arne Scheie det norske folk at opprykket glapp for Jotun forrige sesong, og at klubben framleis spelar i 3. divisjon.
– Eg sa det litt for å vera morosam. Neste måndag skal me visa videosnutten frå oppgjøret Jotun – Frigg i 1965 og no reknar eg med at vi får mange sjåarar frå Årdal, gliser Scheie – og held fram med å bombadere med faktakunnskapar om Jotun.
Han ramsar opp både namneskifte og kven som har mest kampar for klubben og kor mange blad Hestetun som spelte for Jotun i 1965. Eg hugsar kampen frå 1965 som om det skulle vere i går seier Arne Scheie til avisa Firda..

Kilde: Firda

Innslaget frå kampen mellom Jotun og Frigg blir sendt på programmet Blender på NRK 2 førstkommande mandag. Me har vore i kontakt med Arnfinn Fagerli i NRK sporten og han kan fortelje at innslaget er planlagt sendt ca. 18:40.