Fredeleg five-a-side

Det vart tap, men me er ganske nøgde trass alt. 

Det vart tap mot Jevnaker i laurdagens kamp i den flotte hallen på Leira, men resultatet avspeglar ikkje heilt korleis kampen var. 

Årdal var egentleg fleire hakk over våre venner fra Jevnaker, der særleg andreomgangen var positiv.

Baklengsmåla kom etter feil i våre bakre rekker, men det høyrer heime i fotball. Me spelte oss fram til ein god del sjansar gjennom dei 90 minuttane, men me må klart peike på at me har svært mykje å jobbe vidare med når det gjeld avslutningar.

Kampen var prega av to snille lag, og det var ikkje mange frispark eller andre tumultar i hallen denne laurdagen. 

Jevnaker spelte fin fotball, og det gjorde me og til sine tider. 
Men begge lag var mykje meir prega av ein «five-a-side»-stil enn direktefotball, og begge målmennene hadde det egentleg komfortabelt.

Best på Årdal denne gongen var Fredrik, som var på plass att etter ein lang vinter, men både Joachim og Nicolai var positive.

Unggutane Leander, Eirik, Edin og Elias tek nivået svært godt, og alt i alt var dette ei fin fotball-hending. 
Hyggeleg var det å møte Jevnaker att, eit godt fotball-lag, som me ønskjer all lykke vidare i sesongen.

Med det seier me oss ferdige med denne vinterserien me har delteke i i Valdreshallen dei siste vekene. Det står att å takka motstandarar, dommarar og arrangørar for eit flott opplegg og ikkje minst, god mottaking.
Me vil heilt sikkert komma attende ved fleire anledningar.

Den førebels sist oppsette treningskampen vår er mot Voss laurdag 30.mars.

Kampfakta:

Valdreshallen, Leira

Laurdag 09.03.19, kl. 15.00.

Årdal FK – Jevnaker 0 – 2 ( 0 – 2 ).

Dommar: Svein Olav Fossholt, som hadde full kontroll på kampen.

Årdal FK nytta desse spelarane:

Leander Øy ( Sivert Larsson frå 46. mn. ), Eirik Thomassen Øren, Kjetil Karlsen, Edvin Hestetun ( Edin Alme Turkovic etter 65. min. ), Stian Laberg, Brede Stedje Ylvisåker, Nicolai Laberg, Anders Lereng, Terje Kvam Øvstetun, Fredrik Sørli ( Elias Moen frå 65. min. ) , Joachim Furset.