Full jubel etter typisk thriller

Store sjansar, mange mål og høg temperatur. Ein typisk kamp mot Stryn med andre ord.

 

Kampfakta Årdal FK – Stryn 6-4 (2-0)

Jotun stadion

Tilskodarar: om lag 150

 

1-0  19 min Preben Strypet (str)

2-0   24 min Morten Brandsdal

2-1 48 min Christian Holko (str)

2-2 51 min Petter Hammer

3-2 52 min Jørn Skjeldestad (Preben Strypet assist)

3-3 65 min Jon Terje Tjellaug

3-4 71 min Stian Sandal

4-4 74 min Jørn Skjeldestad

5-4 86 min Morten Brandsdal (Christian Stedje assist)

6-4 90 min Tim Teigen

 

ÅFK: Jens Herstad, Brede Stedje Ylvisåker, Ole Einar Rebni, Ørjan Stedje Ylvisåker, Ingi Hilmarsson, Johan Traustasson (Jonas Hestetun fra 84 min), Tim Teigen, Jørn Skjeldestad, Christian Stedje (Allan Jørgensen frå 89.min), Morten Brandsdal og Preben Strypet.

 

Det vart ein kamp nett som det pleier å vera når Stryn kjem på besøk. Det handlar som regel om mange sjansar framfor begge mål, kampar som ofte står og vippar og som stort sett alltid endar med mange mål. Toppoppgjeret denne gongen var ikkje noko unntak.

 

Preben Strypet gav oss leiinga etter 20 minutt då han ekspederte eit straffespark etter at han sjølv vart felt av Strynkeeper Sigursson, medan Morten Brandsdal sette inn mål nummer to på typisk Brandy-vis fem minutt seinare. Stillinga heldt seg til pause i den kraftige vinden på stadion denne gongen. Dette gjorde for øvrig også sitt til at forholda ikkje var dei lettaste å spela fotball under.

 

Frisparket som Stryn utlikna på, fauk forbi både muren og Jens. Like etter pause vart måltjuven Christian Holko felt av Jens Herstad og fekk straffe som han sjølv sette inn. Bere to minutt seinare utlikna Stryn på eit flott frispark, men ÅFK svara kontakt ved å gå retti angrep. Eit frispark som Stryn ikkje greidde å klarera hamna til sist hjå

Jørn Skjeldestad som krangla inn 3-2-målet, men like etter utlikna Stryn igjen.

 

Og ikkje nok med dei, dei tok også leiinga 3-4 20 minutt før slutt til heimelaget si store fortviling, men som alle andre Strynkampar dei seinare åra, veit både spelarar og publikum at det det absolutt ikkje er slutt før dommaren har blæse for siste gong.

Før det fekk Krisjan Sigurolason sitt andre gule kort for å ha meidd ned Ingi Hilmarsson, og dermed måtte Stryn spela nesten 20 minutt med ti mann.

 

Jørn skjeldestad skårar sitt andre mål for dagen.Det var nok også dette som i siste ende avgjer denne kampen, for det gjorde sjølvsagt sitt til at ÅFK var farlegare.

Jørn Skjeldestad utlikna berre to minutt seinare, noko som skapte ny spaning i kampen, og det var nok mange som pusta letta ut innimellom jubelen då Morten Brandsdal nok ein gong viste at han er i stand til å avgjera<