Godt inntrykk av polsk målmann

Årdal FK håpar å kunne inngå kontrakt med den polske keeperen Batrosz Deregowski (24), som denne veka trenar med klubben.

 

Med Stian Karlsen som einaste keeper i førstelagsstallen, har Årdal FK som kjend vore på jakt etter forsterkingar mellom stengene. Heldigvis har veteranduoen Geir Nordnes og Jens Herstad sagt seg viljuge til å støtta oss fram til me har ei meir permanent løsying på plass, noko ÅFK er særs takksame for.

Denne veka har klubben besøk av ein polsk målvakt, Bartosz Deregowski (24). Han kom til Årdal seint tysdag kveld, og brukte i følgje trenar Nils Tore berre ei einaste trening på å overbevisa.

– Han er tydelegvis ein målvakt med mange gode kvalitetar, i tillegg til at han synast å vera ein veldig fin type med god innstilling. Bartosz er teknisk god, til liks med veldig mange andre polske målvakter, mellom anna han han vist seg sterk i feltet, seier Krosshaug.

– Me er interesserte i å signera han så snart som råd, men det står sjølvsagt att å få ein del formalitetar på plass før dette kan skje, legg han til.

Deregowski kjem frå den polske byen Wiecbork og har mellom anna fleire landskampar for alderssbestemte polske landslag.