Godt nøgd trass tap

– Me tapte for eit langt betre lag og tek med oss at me fekk til mykje positivt likavel, seier Ivan etter 5-0-tap på Fosshaugane i går.

Det vart kanskje litt i overkant av kva me hadde håpa på, men det er ingen tvil om at Sogndal 2 har sett seg mål om opprykk og stilte derfor med eit særs godt mannskap til dagens kamp på Fosshaugane.

–  Me møtte eit veldig godt lag der ute på Campus, det er det ingen tvil om. Eigentleg er me ganske nøgde med vår eigen innsats i denne kampen, det er god læring, vil eg påstå, for mange av dei som var utpå bana i dag, seier Ivan Øy.

(Alle foto: Elin Hæreid)

Han meiner me stod godt imot til det første målet kom etter ein halvtime. – Og der var me eigentleg litt uheldige, for Sogndal hadde in kjempesjansen som me avverga, ein strålande redning av Sivert – men så kom eit skot som gjekk borti ein av våre spelarar og i mål. Det er sånt som skjer. Og då er det fort at mål nummer to kjem, det gjorde det jo og.

– Men 2-0 til pause var for såvidt greitt nok. Det me kunne gjort var nok å teke litt bedre vare på dei overgangsmuligheitene me fekk, men det er klart – dei er veldig dyktibe. og dei sette høgt press på oss, så me fekk rett og slett ikkje tid til så mykje framover, seier Ivan.

Sjølv om han har gjort det før når Årdal har møtt Sogndal 2, sat ikkje Øy junior, Edin, på benken for Sogndal denne gongen. Han kom nemleg inn i pausen og brukte berre nokre få minutt på å auka leiinga til 3-0.

Pappa Ivan tykkjer det er kjempekjekt – og litt løge på same tid.

– No er eg blitt vand til at Edin ikkje spelar for oss lenger, men det er sjøvlsagt litt løge at han kjem inn for motstandaraen. Men Edin må bruka denne sjansen for å visa at han kan ta steget vidare og det tykkjer me alle i Årdal FK er flott, seier han.

Kommande fredag skal me til Høyanger for å møta våre gamle vener på Sletta – det gler me oss sjøvlsagt til.

– Viktig no at me nullstiller og tek med oss at me gjorde mykje positivt i kampen mot Sogndal 2, trass alt. Kampane mot Høyang er jo klassiske oppgjer som alltid er artige, så me trur det blir gode rammer rundt kampen og ser fram til å ta turen, er konklusjonen.

Det blir ekstra mykje årdøler på denne kampen, ettersom me arrangerer supportartur og skal på fest på Joss etter at kampen er slutt. Der skal nemleg Freebirds fra Årdal spela opp til dans.

Ta kontakt om du har lyst til å vera med!!

Meir deltajert kampereferat er forresten å finna her på firdaLIVE!

Kampfakta:

Sogndal 2 – Årdal FK
Fosshaugane Campus mandag 18.september
Tilskodarar: ein del
Dommar: Vegard Yndestad, Eikefjord med Simen Solbakken Skjerven, Kaupanger og Elise Selland, Hafslo.
Gule kort: Ingen
1-0   33 min   Johan Hove
2-0   37 min   Bendik Bye
3-0   54 min   Edin Øy
4-0   63 min   Ørjan Hippe Sørflaten
5-0   67 min   Ulrik Fredriksen
Årdal FK: Sivert Larsson, Nicolai Laberg (Terje Kvam Øvstetun fra 70 min), Ole Gunnar Bukve Kjødnes, Brede Stedje Ylvisåker, Sivert Mannsverk (Endre Kauppi Straumsheim fra 35 min), Christian Stedje (Stian Laberg fra 84 min), Vegard Aafedt Bukve, Fredrik Aspeseter Sørli, Andreas Natvik (Kjetil Karlsen fra 82 min), Johnny Aspeseter Hagen (Patrick Schørlien Patanakarun fra 84 min), Truls Hovland.