Gratulerer, Jotun

Årdal FK gratulerer Jotun med opprykket til 5. divisjon og kretsmeistertittelen.

713_1977 

Etter 3-1 sigeren mot Førde 3 på Jotun stadion laurdag kveld vart det klart at Jotun var kretsmeistrar.

Suverene vinnarar

Grøntrøyene vann 6. divisjon avdeling 1 etter ni sigrar, tre uavgjort og tre tap.

Førde 3 og Breimsbygda vann sine avdelingar. I kretsfinalane møttes vinnarane til enkel serie:

06.10, Førde 3 – Breimsbygda, 4 – 1

12.10, Breimsbygda – Jotun, 1 – 4

19.10, Jotun – Førde 3, 3 – 1