Gutelaget vann sølv

– Dette er me veldig stolte av. Me er det beste gutelaget i Indre Sogn, seier trenar Harald Husabø.

IMG_2869

Årdal FK/ÅTIL 15/16: Bak frå ventre: Jens Klingenberg, Halvor Neset, Sondre Offerdal, Edin Øy,
Sander Øvstetun, Mathias Madslien, Filip Westad, Endre Straumsheim,
Andreas Husabø. Framme frå venstre: Emil Bruheim, Endre Jevnaker, Ole Gunnar Kjødnes, Sivert Larsson, Julian Kvam og Håkon Kvanli. Adrian Nondal var skada og ikkje med på bilete.


Gutelaget
til Årdal/ÅTIL avslutta ein god sesong i 1. divisjon med eit knipent tap
2-1 borte mot Sogndal torsdag.



– Dette var ein tett kamp som kunne ha vippa begge
vegar. Me er godt nøgde med gjennomføringa av kampen og gutane stod på
til siste slutt, synd at me ikkje får sett fleire av dei store sjansane me  har i 2 omgang, seierHusabø



Stor bragd



Det er
lenge sidan eit gutelag frå Årdal har kjempa i toppen av 1. divisjon i 11ar-fotball.



– Dette viser at når me samarbeidar mellom klubbane så står vi sterkt
i Årdal og vi har mange gode fotballspelarar under utvikling. Dette er
ein gjeng som har vore veldig treningsvillige over lang tid og me ser at
dette har gjeve gode resultat i år. Dei har utvikla seg veldig godt som lag
utover i sesongen og me har hatt mange gode kampar.

Har fått smaka på seniornivået




Fleire av spelarane
har i sesongen spelt kampar for gutelaget, 5 divisjon og 3 divisjon som
har medført tøffe utfordringar og mange kampar, men og gitt dei
moglegheiten til å utvikle seg og få nye utfordringar.



– Det har i
sesongen vore eit veldig godt samarbeid med trenarapparatet i seniorlaga
i Årdal Fotballklubb og dei har gitt mange av gutespelarane senior
erfaring gjennom sesongen. Dette er ei god gruppe som no tek steget
fullt ut inn i senior fotballen og blir viktig for Årdal sitt lag i 4
divisjon neste år, seier Husabø.