Hellar mot London

Det har vore trekning i privatsponsorlotteriet…

 

 

… opptil fleire gonger sidan sist vinnarane vart annonsert. Av ymse årsaker har heimesideredaksjonen slurva med å offentleggjere denne informasjonen, men samtlege vinnarar er sjølvsagt orientert og har fått sine gåvekort.

I juni månad vart Terje Sviggum (rundt 40) frå Tippen den heldige vinnaren av reisegåvekort pålydande kroner 6000,- i tillegg til gåvekort på Tangen sport til ein verdig av 500,-.
Unge Sviggum har i ei årrekkje vore ein trufast støttespelar for fotballen i Årdal.
Han er dessutan spiss på tenorrekka til Årdalstangen musikklag og ihuga sympatisør med London-klubben Arsenal.
Ingen vil såleis verta nemneverdig overraska om gåvepremien denne gongen vert bytta inn i eit opphald i tilknytning til ein heimekamp, ikkje på Highbury, sjølvsagt –  men på nye Emirates stadium.

Ole Johnny Kvigne henta heim premien for august. (Foto: Miriam)Julipremien gjekk til Lærdal og Ole Johnny Kvigne, som vann gåvekort på 3000 kroner.
Og medan lærdølene først var i siget, raska dei like godt med seg førstepremien for august òg.
Reisegåvekort på 3000 kroner gjekk denne gongen – og nok ein gong – til Laila Skilbrei.

Det er andre gang i løpet av to år at Laila Skilbrei vinn i privatsponsorlotteriet.
Spelaren som i alle år har seld sponsorbrev til Laila Skilbrei ynskjer å vera anonym, men seier i ein kommentar at sigeren er vel fortjent ettersom Laila Skilbrei sitt enorme bidrag til Årdalsfotballen verkeleg har vore i ein klasse for seg…  

Me gratulerer vinnarane, ynskjer retteleg god tur og vil snart vera attende med vinnaren for september.
Kven som har vunne tidlegare i år, ser du her.