Herleg seier etter marerittveke

Comeback-Christian spratt inn målet som skulle til mot Florø 2.

Det har lugga litt denne veka med tap for Skavøypollen sist laurdag og så mot Studentspretten onsdag, så me var verkeleg i beit for ein opptur og tre poeng i denne siste kampen før ferien.

Det er fleire årsaker til at det vore kronglete denne veka, blant anna har me tre mann vekke på grunn av at dei har teke ferie, fordi folk må jobba, folk er skadde eller har karantene.
– Difor har det vore ein del omrokkeringar og utskiftingar i laget denne veka. Og når me flyttar rundt på kampane slik, blir et vanskeleg å få skikkeleg flyt i treningsveka, sukkar trenar Ivan Øy.

På benken til kampen mot Florø 2 hadde me berre to mann. Dei fekk då også ein del speletid denne gongen, først Alexander Barsnes som kom inn for Patrick Schjørlien Patanakarun like før pause og Christian Stedje – tilbake i kretsligaen for første gong denne sesongen.

– Eg er verkeleg glad for at me har akkurat sånne folk å støtta oss på når det er vanskeleg. Alexander kjem inn og gjer ein kjempekamp, han har stor kapasitet og står på heile tida. Og det at me har Christian, som har vore med i så mange år og har dei fotballferdigheitene han har, det gjer at me kan setta inn ein mann som har evne til å avgjera kampar, seier Ivan.

– Heile gjengen gjer ein kjempeinnsats i dag, det gjer dei verkeleg! Me har Stian laberg som nett er tilbake etter blindtarmoperasjon, han har hatt to treningsøkter og berre hoppar i det. Og me har Edvin Hestetun som har trent forsiktig i det siste grunna hamstring-problem, men som står på og gjer 110 prosent.

Også Ørjan Cafu Skilbrei får ekstra ros denne gongen.
-han gav melding for eit halvt år sidan at han skulle i bryllup denne dagen, men valde å stilla til kamp likevel då han såg at me var i beit for folk, det er me veldig takksame for – det seier noko om haldningane til den mannen, meiner Ivan.
Cafu var kjappt i dusjen etter kampslutt og kom seg i finstasen før han køyrde mot bryllupsfest – på Voss.


Også Patrick Schjørlien Patanakarun var ein god mann å ha med seg denne gongen.
Patrick har spela for oss i to sesongar, men har fått seg lærlingeplass i Aurland. Det er vanskeleg å samkøyra med treningar klokka 16.00 kvar dag.
– Men me får ha han som ein reserve i slike situasjonar, det var med på å berga oss i dag, seier Ivan.
For Patrick var det nok ekstra spesielt i akkurat denne kampen, sidan veslebror Robin spelar for motstandar Florø 2.

Etter å ha lege under 1-0 til pause, kom me tilbake og utlikna like etter kvila då Joachim Furset elegant sette ballen i lengste hjørna. Eit kvarter ut i andre omgang var same mann involvert då Anders Lereng gav oss leiinga, medan Florø 2 utlikna på straffe ti minutt før slutt.
Like etter fastsette Christian Stedje sluttresultatet til 3-2.

– Det var kanskje meir ein keepertabbe enn eit vakkert mål. Men mål er mål og tre poeng var viktig i dag, seier Christian. Han har no gjett Ivan beskjed om at han vil legga seg i trening over sommren og bli med fast frå hausten av.
– Det er eg utruleg glad for, det gjer oss fleire muligheiter, seier Ivan.

Etter ein tøff vårsesong der me to gonger har hatt tre kampar på ei veke, er det endeleg klart for litt ferie. Me har dessutan tjuvstarta på haustsesongen fordi me allereie har møtt Tornado Måløy til haustkamp.
-Det blir å kalla aktiv ferie, seier Ivan.
– Me køyrer to økter i veka for dei som er i bygda, mens folk som er på ferie må sørga for å holda eit visst treningsnivå på eiga hand medan dei er vekke. SÅ samlast me eit par veker før seriestart med full oppkøyring.


Med det ønsker me alle ein skikkeleg flott sommar her frå Jotun stadion og vel møtt til nye kampar i august.

PS: Korleis kampen gjekk føre seg meir detaljer, står det å lesa her på firdalive.

Kampfakta: Årdal FK – Florø 2 3-2 (0-1)

Kretsligaen, tiande runde, Jotun stadion.
Tilskodarar: om lag 150

0-1 26 min Kristoffer Stavang
1-1 51 min Joachim Furset
2-1 76 min Anders Lereng
2-2 81 min Torbjørn Aabrekk
3-2 83 min Christian Stedje

Gule kort: Edvin Hestetun og Fredrik Aspeseter Sørli, Årdal FK, Anders Lefdalshjelle og Hans Hansen, Florø 2

Dommar: Asbjørn Kjetil Grinde Håre, Fjøra.

Årdal FK: Sivert Larsson, Fredrik Aspeseter Sørli, Ørjan Cafu Skilbrei, Brede Stedje Ylvisåker, Nicolai Laberg, Joachim Furset, Johnny Aspeseter Hagen, Edvin Hestetun, Stian Laberg (Christian Stedje frå 66 min), Patrick Schjørlien Patanakarun (Alexander Asperheim Barsnes frå 40 min), Anders Lereng.