Hovding – JÅFK 0-2 (0-1)

Turen til Bergen var slett ikkje bortkasta for ei håndfull JÅFK supporterar i Vestlandshallen. Bortelaget var det førande laget og rodde i land ein fortjent siger mot Hovding etter skåringar av Ole Gunnar og Tore.

Motstandaren av mange tippa på øvre halvdel av tabellen

Dagens motstandar Hovding kom på fjerdeplass i si avdeling i 2. divisjon forrige sesong og blir av mange og tippa som eit av laga på øvre halvdel på tabellen også denne sesongen. Laget var såleis ein grei motstandar for eit JÅFK lag som no er inne i finjusteringa før seriestart.

Mogeleg låneavtale med Sogndal

I dagens kamp var og Geir Andre Bøyum på bana for JÅFK, 22 åringen som opprinnelig kjem frå Os utanfor Bergen har signert fort Sogndal framføre denne sesongen. JÅFK og Sogndal er no i ein dialog om spelaren og i løpet av nokre få dagar blir det avgjort om spelaren blir utlånt frå Sogndal til JÅFK. Geir Andre leverte ein god kamp for dei grøne i dag og kan bli ein flott tilvekst for laget om avtalen går i orden.

Kampen åpna forsiktig

Kampen åpna forsiktig frå begge lag men Hovding var nok nærmast skåring i starten av kampen. Dette mykje på grunn av at bortelaget spelte ein form for forsvarspel som ikkje er egna for folk med svake nerver. Utover i omgangen var det Jotun Årdalstangen som viste best takter og laget spelte seg fram til nokre sjansar som kunne ha gitt utteljing. Bakover på bana hadde forsvaret lagt av seg det verste hasard spelet og framover på bana viste bl.a. nykommar Geir Andre Bøyum og Ole Gunnar Hunderi mykje bra spel.

I leiinga like før pause

Like før pause ropar Morten Wigum ut på bana -det er 2 minuttar igjen til pause, ro ned spelet litt. Svaret han får tilbake kjem frå Ole Gunnar -2 minutt igjen? hadde no vore fint med 1-0 til pause vel.

Minuttet etter får Robert Kjellin ballen på høgre sida, svensken som signerte kontrakten med Jotun Årdalstangen denne veka legg ein perfekt ball inn til Ole Gunnar som stig til værs og skallar ballen nydeleg inn i Hovding sitt mål. Ei flott skåring og Ole Gunnar fekk det målet han annonserte like før.Robert signerte denne veka kontrakten som gjer han til JÅFK spelar ut sesongen.

Spelte med tryggheit i laget

Etter pause var det eit bortelag med sigersvilje og tru på seg sjøl som kom på bana. Hovding vart springande mykje i mellom og det var dei grøne som styrte kampen. Bak på bana spelte laget med autoritet og dei avsluttningane som kom på mål tok Geir seg av utan for store vanskar.

Skåring frå omlag 40 meter

Midteveges i andre omgang kjem årets fyrste julepresang, JÅFK har fått frispark omlag 10 meter inn på Hovding sin banehalvdel. Tore Gjerdalen lagar seg til med ballen og alle på bana reknar med ei pasning til betre plasserte medspelarar. Tore som ser at Hovding sin keeper står langt ute tek kort fart og bankar ballen avgarde mot Hovding sitt mål. Ballen svevar i ein fin bue over keeper og i mål, keeper gjorde det han kunne for å ta ballen men det einaste han fekk fatt i var stanga. Fortvila måtte han kneståande innsjå at gjestene hadde ein kicker med sans for mål frå lang distanse.

KONKLUSJON: Dagens siger over Hovding var fullt fortjent og laget leverte ein god kamp. Spelarane syner ein stor vinnarvilje og god innsats over heile bana. Laget er og effektivt med 2 mål på 5 sjansar. Det som blir viktig framover er å luke vekk enkelte skjønnheitsfeil bakover på bana, mot betre motstand kunne me ha fått eit mål eller to i fleisen på grunn av slurv. Det har me ikkje råd til når alvoret startar i midten av april.