Indre Sogn – Sogndal 1-4

Det vart ikkje nokon festforestilling av Indre Sogn i siste kamp i gruppespelet. Sogndal vann fortjent 4-1 etter ein svak andreomgang av Indre Sogn.

KAMPFAKTA:

Indre Sogn -Sogndal 1-4 (1-1)

Jotun stadion krøllgras, vinterserien for junior.

Dommar: Jonny Skjerven

0-1 Sogndal

1-1 Brede Ylvisåker

1-2 Sogndal

1-3 Sogndal

1-4 Sogndal

I bitande kulde på Jotun stadion var det
gjestene som kom best i gang i kampen og gjekk opp i leiinga midtveges i
fyrste omgang. Indre Sogn var allikevel godt med i kampen og kunne utligne til 1-1
ved Brede Ylvisåker. Denne stillinga heldt seg til pause og var eit greitt
resultat etter spel og sjansar.

Andre omgang var ingen god forestilling av dei
grøne og Sogndal fekk putte tre nye ballar i nettet bak Indre Sogn si målvakt.
Sigeren var fortjent og Indre Sogn bør gløyma ein andre omgang som bar preg av
eit Indre Sogn lag som hadde lite tru på eigne ferdigheitar.

Sogndal og Indre Sogn er no vidare frå gruppa og får sjansen til å møte laga frå
sunnfjord og nordfjord.

Fredag var det planen at Indre Sogn skulle møta Vik til siste kamp i
gruppespelet. Denne kampen har vore utsett fleire gonger og det skulle heller
ikkje bli noko av kampen denne gongen. Kampen er no avlyst for godt og Indre
Sogn får 3 poeng.