Inge Ludvigsen trekker seg frå Fyllingen

Inge Ludvigsen har gått av som trenar for divisjonskollega Fyllingen i dag melder bt.no. Årsaka er manglande sportslege resultat. Fyllingen var av mange rekna som favoritt til opprykk saman med Haugesund, men ligg no på 10. plass med 4 poeng.

Foto: AIH 2005I ei pressemelding sendt ut av klubben heiter det: «..Bakgrunnen for at Inge Ludvigsen trekker seg med umiddelbar virkning, er at han tar ansvar for manglende sportslige resultater..»


Stein Arve Lone tek over som hovudtrenar for bergenslaget, det er ikkje avklara enno om dette vert ei permanent løysing.


JÅFK møtte Fyllingen på heimebane tidlegare i vår og vann oppgjeret med 1-0.


Rune Førde i kamp med Geir Andre Bøyum. Foto: AIH 2005