Ingen kontrakt til Johan Østerberg

Svenske Johan Østerberg måtte reise frå Årdal utan kontraktsforslag i kofferten.  – Han har mange kvalitetar, men ikkje dei kvalitetane me er spesielt på jakt etter, seier trenar Morten Wigum til Sogn Avis.Joham Østerberg. - Foto: Kai Wigum

25 år gamle Johan Østerberg har fortid i klubbar som Storfors FF, Degerfors IF, Karlstad BK og Strömtorp IK.

På laurdag hadde han sjansen til å vise seg fram i treningskampen mot Kaupanger og alt etter eit minutt viste han at han har ein bra pasningsfot. Innlegget gjekk til Rune Førde som netta sikkert og gav heimelaget ein fin start på kampen.

Etter ei heilheitsvurdering vart det beslutta å ikkje tilby Johan kontrakt. Liknande kvalitetar i eigne rekker samt ein pågåande dialog med andre aktuelle spelarar førte til at konklusjonen vart eit nei.

Årdal FK ynskjer Johan lykke til vidare.

Relaterte saker:
Svenske uaktuell for Wigum og co.
Johan Österberg lämnar SIK