JÅFK II – Stryn 1-1 (1-1)

Ein av dei yngste laga nokon sinne i 3. divisjon stal med seg eit poeng frå Stryn i dagens kamp på Cuba stadion. Gjestene hadde ballen mest og pressa på for sigeren, men Preben Gilleshammer i JÅFK buret hadde ein god dag og stoppa det meste som kom. Som i fyrstelaget sin kamp mot Sandnes Ulf vart det stor innsats og oppofring som berga det eine poenget i kampen.

Stryn tek frispark som Preben reddar
Seriekamp 3. divisjon
JÅFK II – Stryn 1-1 (1-1)
Cuba stadion 30.05.2005

Mål:
1-0, 25 min. Tor Erik Moen
1-1, 44 min. Kåre Balsnes

Jotun Årdalstangen II :
Preben Gilleshammer – Emil Thune (Mads Asperheim fra 65), Kjell Rivedal, Ulrik Jørgensen, Ørjan Skilbrei – Morten Sortland, Brede Stedje Ylvisåker, Terje Andreas Jevnaker, Thomas Indrelid (Lasse Lereng fra 45) – Tor Erik Moen, Lasse Hestetun (Bjørnar Øvstetun frå 60)

Det var Stryn som kom best i gang i dagens kamp utan å skåre. Det klarde unggutane frå Årdal etter omlag 14 minuttar. Etter litt klabb og babb i feltet enda ballen hjå Tor Erik Moen som banka den i mål. Etter dette vart det mest defensiv jobbing for heimelaget, og det såg ut som om dei skulle kunne halde leiinga til pause. Slik gjekk det ikkje, Kåre Balsnes drog seg elegant fri innanfor JÅFK sin 16 meter og sette ballen utagbart i mål bak ein svært god Preben Gilleshammer.


Etter kvilen fortsette Stryn å presse, men dei sleit med å skape dei store sjansane i innleiinga av omgangen. Ørjan Cafu Skilbrei, kaptein for dagen, dirigerte troppane på ein framifrå måte og det meste vart rydda unna. Sporadisk klarde JÅFK å angripe, men dei sleit med å skape sjansar. Einaste klare sjansen til JÅFK i omgangen var eit skot frå Terje Andreas Jevnaker som diverre gjekk rett på målvakta.


Stryn rulla opp det eine angrepet etter det andre, men slurva i avslutningane mot Gilleshammer i målet. Samstundes jobba unggutane iherdig framføre eige mål, og fekk klarert unna det meste som dukka opp. Dei fleste venta på ei Stryn skåring, men sjølv etter 5 minuttar tillegg stod resultatet 1-1. Stryn hadde mellom anna eit skot i stolpen, men ballen ville ikkje innanfor stengene.


Speaker Terje Solheim oppsummerte kampen på ein grei måte, og gratulerte Stryn med eit velfortent poeng i Årdal. JÅFK sine beste i dag var Preben Gilleshammer, Ørjan Skilbrei og Terje Andreas Jevnaker. Skryt og til resten av gutane som stod på til krampa tok dei, reiste seg oppatte og jobba enno meir. Med slik innsats vert det garantert fleire poeng i tida som kjem.

God og myndig dommar var Ragnar Åmot frå Jølster.