JÅFK III – Veitastrondi 3-1 (3-1)

Brede Stedje Ylvisåker - Foto AIHJÅFK 3 vann fortjent 3-1 over divisjonskollega Veitastrondi i ein treningskamp i Årdal søndag kveld. Kampen vart aldri velspelt, men eit kanonskot redda dagen for dei frammøtte.

TRENINGSKAMP:
JÅFK 3 – Veitastrond I.L. 3-1 (3-1)
Jotun Stadion krøllgras 21.03.04.

Dommar: Jens Herstad (god)

Mål (Assist):
11. min. 1-0 Steffen Øvstetun ( Tor Erik Moen )
20. min. 1-1 Arne Nes
33. min. 2-1 Tor Erik Moen
44. min. 3-1 Tor Erik Moen ( str.)

JÅFK: Preben Gilleshammer – Ørjan Skilbrei, Lasse Lereng, Ulrik Jørgensen, Ronny Ruud – Brede Stedje Ylvisaker, Tim Teigen (Kristian Buhaug frå 70. min.), Bernhard Brons (Kjetil Karlsen frå 70. min.), Morten Sortland (Lasse Hestetun frå 60. min.) – Steffen Øvstetun (Roy Bergerud frå 70. min.), Tor Erik Moen.

Veitastrondi: Molland – G.Årdal, Øyvind Heggestad, J.Hilleren – S.Hilleren, E.Heggestad, B.Molland, P.Christensen, L.Nes (S.Haugen 45min) (Øystein Heggestad frå 80 min.) – A.Nes, R.Nes

Heimelaget vann fortent denne kampen, men laget spelte ikkje opp mot sitt beste. Unggutane vart for passive i nesten alle duellar, og mange feilpasningar gjorde at mykje vart tilfeldig.

Nokre lyspunkt var det likevel, og Steffen sitt mål må trekkast fram her. Eit kjempeskot på heil volley frå 20 meter varma dei frammøtte og medspelarane godt. Preben gjorde i tillegg ein god kamp i mål, og Lasse hadde mange fine innlegg frå høgresida den halvtimen han spelte.

Veitastrondi var nesten fullt på høgde med heimelaget, og dei vert nok ein hard motstandar når serien tek til i mai.

Les meir om kampen på Veitastrondi sine sider.