JÅFK – KFUM Oslo 4-0 (2-0)

JÅFK viste ingen nåde med gjestene frå byn og gav seg ikkje før det låg fire ballar i nettet bak gjestene sin keeper. Tre av desse vart skåra av storskårar Morten Brandsdal. 

TRENINGSKAMP:
Jotun Årdalstangen FK – KFUM Oslo 4-0 (2-0)
Jotun Stadion krøllgras 20.3.2004

Dommar: Tommy Skjerven, Kaupanger
Gule kort: Henrik Furebotn, JÅFK

Mål (assist):

1-0, 9 min. Morten Brandsdal (Tore Gjerdalen)
2-0, 37 min. Morten Brandsdal (Kjartan Furebotn)
3-0, 60 min. Morten Brandsdal
4-0, 80 min. Frank M. Falkeid (Stian Øy)

Sjansestatistikk: 10-3

Laget: Geir Nordnes –  Roger Kleiva, Ørjan Stedje Ylvisåker, Tore Gjerdalen, Robert Kjellin (Daniel Grindedal Kvam frå 70 min.) – Henrik Furebotn, Edvin Hestetun, Kjartan Smedegård (Stian Øy frå 30 min.), Kjartan Furebotn (Frank M. Falkeid frå 70 min.) – Ole Gunnar Hunderi (Christian Stedje frå 75 min.), Morten Brandsdal (Donn Håre frå 75 min.).


Kjellin debuterte på eige gras
Sjølv om Robert Kjellin spelte sin fyrste kamp på eige gras for JÅFK var det ein annan kar som reiser med dei største overskriftene. Morten Brandsdal har denne sesongen vist at Robert med innkast....han er sugen på å skåre mange mål i 2. divisjon. Hvis han fortset i den bana han er no, kan han få ein flott sesong. Morten sine egenskapar framfor mål held utan tvil bra 2. divisjonsnivå..

Morten lagar kremmarhus bak gjestene sin keeper
Kampens fyrste mål kom etter 9 minuttar, Tore Gjerdalen stiller inn siktet og finn Morten på veg igjennom Oslo gutta sitt forsvar. Pasningen er perfekt og Morten går forbi ein mann før han denger til av full kraft, noko som er ulikt Morten då han pleier bruke silkefoten i slike situasjonar. Ballen sit klistra i det høgre hjørnet til keeper som ikkje kunne gjera noko med dette skotet.

Fyrste omgang var ikkje heilt optimal
Fyrste omgang var ikkje nokon stor omgang for JÅFK og etter skåringa var det ein del manglar som kom til syne. Presset var på langt nær høgt nok og KFUM Oslo fekk låne ballen uten at JÅFK synte nok vilje til å erobre den tilbake. Etter 37 minuttar kom alikevel dagens andre skåring. Kjartan Furebotn vann ballen og sprang igjennom KFUM forsvaret som ved dette høvet ikkje hang heilt med på notane. Kjartan var faktisk forbi siste mann, men istaden for å skyte sjølv tek han eit elegant hælspark tilbake til Morten som sjølvsagt ikkje let seg be to gonger.

Etter pause vakna heimelaget og briljerte

Kjartan går forbi KFUM forsvaret like før skåring nummer to....Etter pause var det eit mykje meir aggresivt JÅFK lag som kom på bana og dette førte til mykje meir sjansar og bra spel. Gong på gong rulla laget opp på flankane og skapte med dette god underhaldning for dei 70 tilskodarane rundt bana. Mortens tredje skåring for dagen kom eit kvarter ut i 2. omgang. Med bra sikt mot mål trur dei fleste at han skal skyte, men Morten er kald og rolig og ventar til forvararen er heilt utspelt. Med god sikt skyt han ballen utagbart i høgre hjørne for keeper. Dette er Morten sitt sjette mål på to kampar, imponerande.

Fekk ikkje låne ballen
Utover i omgangen fekk ikkje gjestene frå Oslo låne ballen noko særleg og det var JÅFK som bestemte det meste. Ballen gjekk bra frå mann til mann og innsatsen og viljen til å ofre seg i duellane var stor. Heimelaget nytta det store overtaket til å byte inn fire mann utan at dette førte til at laget mista styringa i kampen. Etter 80 minuttar var to av innbyttarane svært delaktige i 4-0 skåringa. Christian forserer opp venstre flanken og går forbi eit par mann før han sender ein farleg pasning inn framfor mål. Der står Stian som dempar ballen med brystet ned til innbyttar Frank Falkeid som får æra av å sette spikaren i kista til gjestene.

KONKLUSJON:
JÅFK vann ein full