Jotun Årdalstangen FK – Skavøypoll 2-0 (0-0)

Då var årets fyrste kamp i boks og den enda med ein grei 2-0 siger, begge skåringane kom i andre halvleik.

Christian med årets fyrste skåring

KAMPFAKTA:

Jotun Årdalstangen FK – Skavøypoll 2-0 (0-0)

Treningskamp, Sognahallen 25.1.2004

Dommar: Jonny Skjerven

Gule kort: Ingen

Mål (assist):

1-0, 67 min. Christian Stedje (Henrik Furebotn)

2-0, 78 min. Morten Brandsdal (Kent Lægreid)

Sjansestatistikk: 6-1

Laget: Geir Nordnes – Daniel Grindedal Kvam (Tore Gjerdalen frå 45),
Robert Kjellin, Roger Kleiva (Ørjan Stedje Ylvisåker frå 45), Donn Håre
(Christian Stedje frå 45) – Stian Øy (Kjartan Furebotn frå 45), Edvin Hestetun
(Kent Lægreid frå 45), Kjartan Smedegård, Frank Falkeid – Ole Gunnar Hunderi
(Morten Brandsdal frå 65), Henrik Furebotn.

Dagens kamp var prega av at det var fyrste
treningskamp for sesongen. Prestasjonane var til tider svingande og spelarane
stressa unødvendig i situasjonar der dei med fordel kunne ha teke det mykje meir
med ro.

Jotun Årdalstangen FK hadde sine beste periodar i byrjinga av begge omgangar men
klarte allikevel aldri å utspela Skavøypoll.

Pauseresultatet var 0-0, og dagens fyrste skåring kom ikkje før etter 63
minuttar. Kjartan Furebotn kjem seg fri på sida og legg eit innlegg inn på
hovudet til Henrik Furebotn som stussar ballen ned i beina på Christian Stedje.
Christian breidsidar ballen i mål bak Skavøypoll si målvakt og årets fyrste
skåring var eit faktum.

Den andre skåringa kom og etter spel på  kanten, denne gongen kom innlegget
frå Kent Lægreid. Inne framfor mål stod Morten Brandsdal og han gjorde som han
pleier, bang 2-0. No er det kanskje nokon som stussar litt og tenkjer, Morten
Brandsdal la ikkje han opp? Etter sesongen trengte Morten litt pusterom og
bestemte seg for å ta ein pause frå fotballen. No er han tilbake i trening og
har gitt seg sjølv nokre veker på og sjå om lysta er like stor som ho virkar når
han står på sidelinja og ser sine kameratar i trening og kamp.

Ein annan som er ny for dei fleste er Robert Kjellin, den 30 årige svensken vart
anbefalt av Benny Lennartson og skal trena med laget ei veke til. Han kjem og
til å spela neste treningskamp mot 2. divisjonslaget Norheimsund. Robert er
lysten på spel for Jotun Årdalstangen FK og om det praktiske let seg ordne blir
han Jotun Årdalstangen FK spelar med det fyrste.

KONKLUSJON: Jotun Årdalstangen FK vann
ein fortjent siger mot 3. divisjonslaget Skavøypoll, men utan å overbevisa.