Junior fotballen rullar

Juniorlaget har våre på bana igjen og motstandar denne gongen var Kaupanger. Kampen enda med ein sterk eit mål siger etter at stillinga ved pause var 1-1.

Indre Sogn i fjorårets kamp mot Kaupanger.

KAMPFAKTA:

Juniorserien Sogn og Fjordane, avd. Sogn.

Kaupanger – Indre Sogn 2-3 (1-1)

13.11.2003 Leikanger, grus.

Målskårarar:

0-1,Tim Teigen

2-2, Ulrik Jørgensen

2-3, Ole Sælthun

Denne kampen skulle etter planen ha vore spelt på Fosshaugane grus, men denne bana
var diverre i ei sånn forfatning at det ikkje var forsvarleg å spele der. Kampen vart
derfor flytta til Syril si grusbane på Leikanger.

Våre gutar tok fortjent leiinga i kampen ved Tim Teigen, men Kaupanger kom
sterkare tilbake og gjekk opp i leiinga etter to skåringar, ein før og ein etter
pause. Indre Sogn har høge mål med sin deltakelse i denne turneringa og snudde
kampen etter skåringar frå Ulrik Jørgensen og Ole Sælthun.

Neste kamp for Indre Sogn er planlagt laurdag 22.11.2003 klokka 14:00 på Jotun
stadion krøllgras. Motstandar er Syril som i sin siste kamp vann 9-0 mot Vik.