Juniorane med bra program dei neste vekene

Juniorfotballen rullar for fullt i fjordafylket. Dei neste helgane skjer det både innandørs og utandørs.

Thomas Indrelid og co. med fleire oppgåver dei neste vekene.

Sluttspelet i vinterserien blir avvikla i Førde laurdag 6. februar til og med søndag 7. februar.

Her stiller som kjent Indre Sogn med lag, dei andre laga er:
Førde 1
Dale
Loen
Tornado Måløy
Sogndal


Denne helga er det kvalifisering for innandørs KM for aldersbestemte lag rundt omkring i fylket. Jotun Årdalstangen FK stiller her med eige juniorlag for fyrste gong og reiser til Høyanger laurdag 31. januar for å prøva og kvalifisera seg for KM.