Kamp til siste sekund om seriesølvet

Gutelaget vårt kan bli historiske!

Eller rettare sagt: historiske er dei allerede, for det er første gong Årdal FK stiller gutelag – som kjend i svært godt samarbeid med ÅTIL.

 Årdal/ÅTIL G 15/16 er det offisielle fengande navnet på den glade gjengen, som består av spelarar frå 1997- og 1998-årgangen med postnummer på begge sider av Årdalsvatnet.

Laget deltok i Norway Cup i sommar – og gjorde ein skikkeleg solid innsats med fire seierar og berre eitt tap. Etter å ha blitt puljevinnarar tok dei seg heile vegen til åttadedelsfinalen i verdens største fotballturnering.

– Dei har gjort ein fantastisk innsats i årets sesong, både på trening og i kamp. Dei har reist med sitt eige lag på kryss og tvers – og dei har reist med 5.divisjonslaget, i tillegg til at dei har spelt heimekampar, så det har vore eit tett og hardt program. At me skulle vera med og kjempa i toppen av 1.divisjon er rett og slett i overkant av det eg forventa – eg tykkjer det er heilt enormt,  slo ÅFK-leiar Geir Kjetil fast under fotballfesten sist laurdag.

– Dette er ein gjeng med veldig ulike typar og spelarar, men me har sett ei utruleg stor endring i dei frå dei var på smågutenivå og fram til i dag. Dei er treninsvillige og seriøse i det dei driv med, her snakkar me gode haldningar og ikkje minst, eit utruleg godt samhald – det er sjølvsagt veldig viktig, poengterte han.

Han prisa samarbeidet med trenarane Harald Husabø, Morten Skarsbø og Jan Are Øvstetun, og trekte fram dei fantastiske støtteapparatet gutane har rundt seg i foreldre som stiller opp seint og tidleg.

Men der dei andre ÅFK-spelarane på seniornivå kan ta seg litt treningsfri og kvila etter ein lang sesong, er gutane framleis ikkje heilt ferdige.

Sist onsdag slo dei Eid 1-0 heime på Cuba i årets siste heimekamp, og kommande onsdag er det altså duka for eit skikkelig lokaloppgjer mot Sogndal på Campus. 

Heimelaget er alt vinnarar av 1.divisjon denne hausten,  men det spesielle med denne kampen er at den vil by på spenning til aller siste sekund uansett utfall. Samtidig er den endelege tabellplasseringa avhengig av kampane til Førde og Florø, som går på same tidspunkt.

I skrivande stund ligg våre karar på andreplass med 16 poeng – men det er fleire som kan oppnå den poengsummen.

Førde og Florø ligg 3 poeng bak før siste kampen. Åtil/Årdal har + 10 mål, Førde har + 5 mål og Florø har – 2 mål, så i teorien kan alle desse tre laga havna på 16 poeng, og det må målskilnad til for å avgjera.

Førde møter Tornado/Måløy på heimebane, mens florø møter Eid på bortebane. Årdal/ÅTIL møter altså Sogndal – og det trufaste støtteapparatet vil gjera alt dei kan for å heia gutane fram. Det blir såleis arrangert supportartur til kampen med buss fra Årdal og utover.

Der er det lova høg stemning og godt selskap, og ein talsmann opplyser at det framleis er nokre ledige plassar i bussen – så ta for all del kontakt med anten Anne Kauppi eller May Britt Bjørkum Øvstetun om du har lyst til å vera med!!!