Kaupanger – JÅFK II 3-2 (0-1)

Ny kamp. Nytt eittmålstap. Ny bra kamp av unggutane til JÅFK 2. Men framleis står dei uten poeng…

Seriekamp 3. divisjon
Kaupanger stadion, måndag 23.05.05
Kaupanger – JÅFK II 3 – 2 ( 0 – 1 )
Ca. 100 tilskodarar
Dommar: Karl Wolf, Hyllestad
Gule kort: Allan Jørgensen, JÅFK 2 og 3 spelarar fra Kaupanger.


JÅFK II nytta desse spelarane: Preben Gilleshammer, Bernard Brons, Ørjan Skilbrei, Tor Erik Moen ( Terje Andreas Jevnaker frå 68. min.), Allan Jørgensen, Morten Sortland, Tim Teigen, Kjartan Smedegård, Brede Stedje Ylvisåker ( Emil Thune frå 75. min.), Enrique Jimenez ( Lasse Hestetun frå 75. min.), Rune Førde.


Mål:
25. min. 0 – 1 Brede Stedje Ylvisåker ( Rune Førde )
47. min. 1 – 1 Kaupanger ( str.)
49. min. 2 – 1 Kaupanger
51. min. 3 – 1 Kaupanger
57. min. 3 – 2 Kjartan Smedegård


Brede med eit mål i dagens kamp.Surt tap etter flott innsats.
Dette skreiv vi i referatet fra forrige kamp og, for det begynner å bli ein dårleg vane, dette med eittmålstapa våre. Denne gongen leia vi og ved pause, og nok ein gong datt vi saman litt i andre omgang. ”Litt” er vel kanskje feil å seie, for sløvheiten varde berre i 6 minuttar. Men då hadde heimelaget ordna 3 kjappe mål, og alle trudde at kampen var avgjort.
Det var det for så vidt, men dei unge karane til JÅFK 2 stod på heile vegen inn, med nokre kjempesjansar til å utlikne i dei siste minuttane. Men kampen enda diverre med 3 – 2 siger til Kaupanger, og det vart såleis ein trist gjeng  i blått som entra den trange garderoben på skogen etter kampen denne kvelden.


Jevn kamp.
Heimelaget opna forrykande, og Roger Vedvik produserte eit par store sjansar før karane fra Årdal hadde knytt skoa. Men etter kvart kom JÅFK 2 meir med, og dei tok etter kvart over føringa. Laget tok såleis leiinga i det 25. minuttet, då Brede Stedje Ylvisåker netta fra kort hald, etter fint førearbeid fra Rune Førde. Kaupanger kunne utlikna like etterpå, då laget fekk tildelt eit korrekt straffespark, men Preben Gilleshammer redda meisterleg. Etter dette hadde dei blåkledde eit par farlege sjansar til å auke leiinga, men det lukkast ikkje. Den jevne omgangen enda såleis ut med det eine målet til JÅFK 2, etter ein positiv innsats. Kaupanger er ikkje lette å ha med å gjere på Skogen, og det stod respekt av det JÅFK 2 hadde prestert så langt. 


Dramatisk andreomgang.
Men denne ”filmen” har vi fra JÅFK sett før, så andreomgangen var avgjort frykta. Og vi fekk rett, diverre. Før vatnflaskene hadde funne sin plass ved innbyttarbenken, hadde Kaupanger snudd heile greia, og dei laga 3 mål på svært kort tid. Eit nytt korrekt straffespark til dei grønkledde vart ekspedert i nettet med fynd og klem, og to innlegg fra deira høgrekant vart kjempa inn i JÅFK-målet fra kort hald. Litt av eit sjokk for dei fleste, og mange trudde at kampen var avgjort der og da. Men her kom vel dagens mest positive overraskelse for JÅFK-tilhengarane: JÅFK 2 reiste seg meisterleg, bretta opp ermane, og laget starta ein flott offensiv mot Vegard Skjeldestad i Kaupanger-buret. Kjartan Smedegård gjekk i spissen, og han gav årdølene nytt håp etter eit fantommål. Fra 25 meter delja han ballen i krysset på halv volley, og det spørs om ikkje dette alt var årets mål i divisjonen.


Etter dette held JÅFK 2 fram med å presse heimelaget, og dei grønkledde vart etter kvart svært stressa. Dette gav sjølvsagt rom bakover for JÅFK 2, som levde farleg ved fleire høve. Men dei største sjansane kom likevel mot Kaupangermålet, og både Rune Førde og Emil Thune var aleine med Vegard Skjeldestad i sluttminuttane, uten at ein greidde den viktige utlikninga. Kampen ebba dermed ut med Kaupangersiger etter heile 6 tilleggsminuttar, og JÅFK 2 gjekk på sitt fjerde eittmålstap for sesongen.