Kenth i scoringshumør

Det har vore mykje stong ut for Kenth Lægreid (36) i 6. divisjon denne sesongen, men mot Kaupanger 2 losna det verkeleg for kraftpluggen.

– Eg kan ikkje hugsa at eg har hatt så mange mål i ein og same kamp på seniornivå før. Eg scora mange i ein kamp for ÅTIL/Lærdal ein gong i tida, men eg trur ikkje det var så mange som seks, seier 36-åringen.

Kampen mellom Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen og Kaupanger 2 på Cuba stadion måndag går nok aldri inn i historiebøkene som den mest spennande fotballkampen. Før det hadde gått 16 minutt, leda heimelaget 6–0. Stillinga ved pause var 9–0. Måla vart scora av Kenth Lægreid (6), Anders Lereng (4), Christian Stedje (3), Benjamin Turkoivc Alme (2), medan Lasse Mjølver, Martin Severin Gullaksen, Stian Vee og Alexander Asperheim Barsnes scora eitt kvar.

Kenth skulle ha stått bokført med tre scoringar så langt i sesongen, men av ein eller annan årsak, er han ikkje på lista til Sogn og Fjordane fotballkrets. Uoffisielt, derimot, toppar han lista over toppscorarar med sine totalt ni mål så langt i sesongen. Anders Lereng er oppe på sju etter tysdagens kamp.

Dagleg leiar i Sogn og Fjordane Fotballkrets Svein Olav Myklebust, seier det er uråd å vita om resultatet er historisk eller ikkje.

– Men det er truleg ei stund sidan me hadde eit slikt resultat i ein kamp på seniornivå. Me har ikkje nokon statistikk eller søkjemotor som kan fortelja oss slikt, seier han.

Til no i denne avdelinga er det skåra totalt 77 mål, noko som tyder 4,1 mål i snitt per kamp.

Trass i at Årdal FK 2/Jotun/Årdalstangen eigentleg var godt kvalifisert for 5. divisjon etter å ha enda på tredjeplass sist sesong, valde klubben å trekka laget og heller stilla i 6. divisjon.

Forklaringa er ifølgje leiar Geir Kjetil Øvstetun enkel:

– I fjor hadde me eit lag i 5. divisjon som spelte 14 kampar, der det var problem med å stilla nok spelarar i minst tre av dei. Det å skulle gjennomføra ein serie i 5. divisjon no i år med 22 kampar, hovudsakleg på søndagar, er urealistisk for oss og vel så det. Såleis stiller me i 6. divisjon, seier Geir Kjetil.

– Me har ikkje noko mål om opprykk. Målet vårt er å gje eit tilbod om kamptrening til dei spelarane i a-stallen som treng det og eit breiddetilbod til dei som ynskjer det. Utover det har me ikkje nokon desidert målsetjing utover å vinna flest mogleg kampar.

– Frammøte på treningane har i grunnen vore veldig bra, og det er eit forrykande breitt spekter me har med å gjera her, både i alder, høgd, vekt og rutine. Den yngste spelaren vår er vel 15, den eldste er bortimot 40.

Halvvegs i serien kan me vel slå fast at det går litt opp og ned. Tysdagens kamp mot Kaupanger går vel mest over stokk og stein. Det er sikkert rekord vår eit Årdal FK-lag sånn i talet på mål.

– Men det er eigentleg ikkje så gøy å vinna 19-0, det er litt synd for Kaupanger 2. All æra til dei for at dei stilte lag, eg veit det var litt problematisk akkurat denne kampen, men dei kjem innover like vel og gjennomfører så godt dei kan, seier Øvstetun.

– Me har ikkje noko spesielt anna lag enn det me har hatt store delar av sesongen. Me har med oss Christian Stedje, som sjølvsagt gjer ein skilnad på dette nivået, fordi har slår gode pasningar og har ein del assistar. Men elles har me den same mannskapen som alltid. Og me er opptekne av at alle skal få spela, me er avhengig av at alle skal få spela, difor kan det somme tider bli litt vanskeleg å få til kontinuitet i spelet fordi me kanskje skal byta ut halve laget halvvegs i kampen.

Og så losna det litt for Kenth i dag, det var veldig kjekt å sjå, seier Øvstetun.

– Kenth er ein god avsluttar og i dag fekk han liksom veldig dreisen på det og da blir det mange mål. Elles var det mange fine mål og me fekk skapt veldig mykje framover, nesten på kvart angrep, det er eg nøgd med.

Sjølv er Lægreid strålande nøgd med å setja seks i kassa. Angriparen har hatt litt stong ut denne sesongen, men mot Kaupanger sine nest beste losna det skikkeleg.

– Eg fekk meg ein stygg skade på ei innetrening i vinter, så eg har nesten ikkje fått trent i år. Eg har faktisk fleire kampar enn treningar, så ballkjensla og tochenen har difor vore fråværande. Difor er det herleg når det endeleg losnar. Men det skal seiast at det merkast godt at Christian Stedje var med i denne kampen. Me har spelt i lag før og kjemien var der med ein gong. Han bidrog til ein del assist, kan du seia.

36-åringen held framleis koken fordi han synst det er gøy å spela fotball.

– Det er eit breiddetilbod og ikkje så seriøst. Det er nok årsaka til at fleire av dei eldre på laget har kome tilbake. Så i år har me ein god miks av unge lovande og litt eldre folk med erfaring.