Klar til knokkelkamp

Ole Jørgen (49) har festantrekket klart til nasjonaldagen.

– Eg gler meg aller mest til 17.mai for det kjem til å bli enormt stor stas å gå først i toget i Vik etter å ha vunne dei fem første kampane denne sesongen, det skal bli kjempegøy. Det kjem til å bli veldig artig for folk i Vik, seier Ole Jørgen Øygarden, som har vore rektor ved Flatbygdi skule i Vik ei god stund no.

Sjølv spelte tangingen aldri seniorfotball i nokon av bygdene, men han har sett ein del av dei tidvis særs heftige lokaloppgjera me ofte spelar mot Vik.
– Me veit at det er eit helsike for dei å spela mot Vik, sånn har det alltid vore uansett om det har vore Jotun eller Tangen eller ÅTIL/Lærdal eller Årdal FK. Det er knallhardt og beintøft – og det veit alle som har vore borti det, seier Ole Jørgen.

Han seier han ønskjer årdalsfotballen alt godt og at han alltid støttar ÅFK – berre ikkje når det er Vik som er motstandar.
– Eg har regelmessige fotballdiskusjonar med både Jan Kåre og Geir Kjetil, som ringer både titt og ofte når dei treng råd. Lokalfotball har dei rimeleg grei peiling på, så det er særleg når det gjeld engelsk fotball at eg blir brukt som konsulent, seier han og legg til at det er noko han gladeleg gjer gratis.

– Klart, det er snakk om gode, gamle kameratar dette her og dei uttrykker stor takksemd for den hjelpa dei får. Det er ofte veldig infløkte ting me må gå gjennom og eg prøver å hjelpa til så godt eg kan, seier han, og legg til at han også prøver å stilla opp som mentor og rådgjevar for Vik-profilane Alexander Valsvik (spelande trenar) og Svein Erik Saglien (veteran og bærebjelke).

– Denne 17.mai blir det også ekstra stor stas for Alexander Valsvik og Svein Erik Saglien, som jobbar her på skulen. Dei skal få gå fremst ilag med meg og holda duskane på fana. Kan skjønna det blir heilt enormt!  Eg er vikje no og må støtta opp om Vik i tjukt og tunt, seier Ole Jørgen.

Det meiner ÅFK-leiar Geir Kjetil er fullt forståeleg.
– Ole Jørgen var i si tid veldig god på kårner og på armhevingar, så sånn sett passar han veldig godt inn som Vik-supportar, det får me leva med. Han er god på botnen, meiner han.
Jan Kåre er samd.
– OJ er ein kjernekar. Men han held med United, eit lag langt nede på PL-tabellen, så han får ikkje delta i ordskifter med oss som omhandlar topplaga, uansett, seier han om rektorkollegaen på Flatbygdi.

– Elles bit eg meg merke i at han gjev råd til både Vik-spelarar og oss, og då vinn vel det laget som høyrer minst på OJ før kampen, vil eg tru.

Det er sjøvlsagt fleire som gler seg til fotballens festdag og lokaloppgjer på Jotun stadion, sjølv om mange meiner Vik har eit psykologisk overtak ettersom dei faktisk toppar tabellen med 12 poeng før kampen mot Årdal. Og ikkje nok med det, bakerst i buret held Stig Roar Hovland enn så lenge nullen.

– Akkurat no føler eg at eg berre ikkje kan sleppa inn mål, hehe. Men det går sikkert fort over, så det får ein vel berre nyta så lenge ein kan, seier Hovland, som har spelt fleire heftige oppgjer både på Cuba og på Jotun stadion  – med vekslande hell. Det er for eksempel ikkje så veldig lenge sidan han måtte henta heile 11 ballar utav nettet i ein cupkamp i 2014.

Men før det, i siste ordinære seriekamp Vik spelte mot Årdal på Jotun stadion i 2013, var det faktisk vikjene som vann. Den gongen heldt det liv i draumen deira om fornya kontrakt i 3.divisjon.
I siste ende rykte dei ned likevel.


Året før  det att sverga dåverande trenar Jarle Christensen på at han skulle springa på jobb dersom Vik slo Årdal på heimebane. Kampen enda 1-2 og Christensen fekk ein seig joggetur frå Vik til Feios mandagen etter.

Om det blir joggetur på nokon av dei involverte denne gongen, er uvisst. Lvileg blir det sikkert i 17.mai-toget både her og der.
Geir Kjetil håpar også det blir livleg på stadion.
– Det blir tøft og hardt og me må vera villige til å yta – for det gjer Vik, dei spring til dei stuper om nødvendig.

– Elles håpar eg det at det faktisk er vik som kjem på besøk har noko å sei, at det kjem fleire folk på stadion og lagar enda meir liv. Me skal gjera det me kan for å laga gode rammer rundt dette – det blir bra musikk, gode kaker i kiosken, harde taklingar og høg temperatur – me ønsker rett og slett velkommen til ein skikkeleg flott fotballkveld her på Jotun stadion, er bodskapen.

Ole Jørgen kjem (truleg med ex-trenar Jarle og diverse andre Vik-supportarar på slep), Ivan og Jan Kåre kjem, russen kjem – kom du òg!

Jotun stadion klokka 1900!