Klare for kamp

Det er duka for årets første treningskamp.

Laurdag klokka 16.30 i Sognehallen er et duka for årets aller første treningskamp med Fjøra som vertskap.

Det reknar me i aller høgste grad med blir tøffe tak så tidleg på vinteren, men me set ris på god kamptrening og skal gjera det beste me kan.

– Me stiller nok med ein god del juniorspelarar, så mange som mogleg, slik at flest mogleg får speletid opplyser ein talsmann for trenarteamet.

Sist veke starta me treningane etter fotballpausen for fullt for juniorspelarane, som er godt i gang med vinterserien.

– Me har lagt litt om på opplegget i år. Erfaringar dei siste åra viser at me har komme litt seint i form og me har denne sesongen seriestart to-tre veker seinare enn me har hatt dei siste par sesongane.
Difor trenar me roleg med seinorlaget eit par gonger i veka, medan juniorane trenar for fullt med rundt fem økter per veke. Det er sjøvlagt høve for dei seniorspelarane som ønsker å trena meir, til å vera med, men me startar ikkje for fullt med førstelaget før etter at juniorane er ferdig med vinterserien, heiter det i ei melding frå benken.